SD anlegg
- Totalentreprise
- Energi
Basis
- Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)
Hovudføremål:
Motiv
Det utrekna energibehovet og den reelle energibruken i bygg stemmer ofte ikkje med kvarandre. Det kan vere fleire grunnar til dette, oftast kjem det av endra føresetnader.
Argument
For å finne grunnen til annan energibruk enn den som var rekna med, kan eit anlegg for sentral driftskontroll (SD-anlegg) vere eit viktig verktøy. SD-anlegg legg grunnlaget for både effektiv energibruk og god utnytting av driftsressursar sidan data frå alle tekniske anlegg er tilgjengeleg online via Internett. SD-anlegg er eit godt verktøy for dagleg drift og overvaking av tekniske anlegg. Bygget bør difor leggjast til rette for god energileiing og styring. Det føreset at bygget har komponentar og system som gjer kartlegging av energidata og overvaking av energibruk i drift mogleg, slik at du kan identifisere unaudsynleg energibruk, og gjere tiltak for å få ned energibruken.
Utforming av krav:
Det skal installerast eit SD-anlegg som femner om alle store tekniske installasjonar i bygget. Systemet skal kunne integrerast i eit toppsystem.
Med toppsystem vert det meint eit sentralt system som knyter styring og kontroll av fleire bygg i ei verksemd som t.d. ein kommune eller etat saman.
SD-anlegget skal:
Styre, regulere og overvake alle dei tekniske systema i bygget
Vere eit hjelpeverktøy for driftsavdelinga, slik at dei lett kan drifte anlegga på ein rett og effektiv måte
Fortløpande tilpasse energibruken til det reelle behovet, slik at bygget ikkje nyttar meir energi enn det som er naudsynt
Ha moglegheit for effektstyring
Ei detaljskildring av løysinga som er valt for registrering, oppfølging og styring skal dokumentere:
Funksjonstabellar, systemskildringar og systemskjema
Oppdatert topologiskjema med plassering av alle komponentar og kabling
Plan for opplæring av driftspersonell
Skildring av grensesnitt mot brukar
Det skal visast at dette er valt:
System som gjer det mogleg med kartlegging av energidata og overvaking av energibruk i drift
Utstyr nytta til måling og overvaking som gir nøyaktige og repeterbare data
System som raskt identifiserer avvik som påverkar energibruken i bygget
-
Eit brukarvenleg grensesnitt tilpassa behovet i driftsorganisasjonen.
Dersom byggherren har fleire bygg skal kvart bygg koplast til eit sentralt toppsystem slik at viktige funksjonar kan overvakast og styrast i eitt system. På denne måten kan det samlast inn og presenterast driftsinformasjon frå fleire tilknytte bygg. Det gjer det enklare å overvake drift eller endre driftsparameterar, og feil vil avdekkast raskare. Dersom verksemda har eit toppsystem frå før, er det viktig at SD-anlegget fungerer med alle funksjonar i det toppanlegget verksemda har frå før.
Driftsorganisasjonen skal få opplæring i systemet ved overtaking.