Sosialt ansvarleg produksjon – utvalde produkter

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Menneskerettar

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at produkt som blir anskaffa, skal vere produserte under arbeidsforhold som varetek grunnleggjande menneskerettar for arbeidstakarane. 

Utforming av krav: 

Leverandør skal tilby produkt som er sosialt ansvarleg produserte.  Kva produkt det gjeld, er spesifisert av oppdragsgjevar og kjem fram av produktlista (sjå bilag X) [Angi i bilag kva for nokre produkter, for eksempel kaffi, kakao, te, evt. frukt, kravet gjeld for]

At produkta er sosialt ansvarleg produserte, inneber at dei er produserte under arbeidsforhold som oppfyller følgjande: 

  1. ILO sine kjernekonvensjonar om tvangsarbeid, barnearbeid, diskriminering, fagforeiningsfridom og kollektive forhandlingar (nr. 29, 87, 98, 100, 105, 111, 138 og 182)
  2. Nasjonal lovgjeving i produksjonslandet. Av særleg relevante forhold framhevar vi 1) lønns- og arbeidstidsreglar; 2) helse, miljø og sikkerheit; 3) regulære tilsetjingsforhold, inklusive arbeidskontraktar; og 4) lovfesta forsikringar og sosiale ordningar.

Kva produkt som er sosialt ansvarleg produsert, skal kome tydeleg fram i det elektroniske bestillingssystemet.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjon på at produkta er sosialt ansvarleg produserte, kan vere at produkta er sertifiserte i samsvar med ei sertifisering for sosialt ansvarleg produksjon, som til dømes Fairtrade, UTZ, og/eller Rainforest Alliance, eller annan relevant dokumentasjon.

Leverandøren skal opplyse i produktlista korleis kravet blir oppfylt for utvalde produkt, ved påføring av merkeordning eller på annan måte.

Ved bruk av EHF katalog skal sosialt ansvarlege produkt merkes i henhold til formatet. 

Ved bruk av leverandørens bestillingssystem ska leverandøren oppgi korleis dei sosialt ansvarlege produserte produkta skal fremhevast i systemet. 

Informasjon om kravet: 

Kravet er relevant å nytte ved anskaffing av produkt som kaffi, te, kakao og frukt. Det må spesifiserast tydeleg kva produkt kravet skal gjelde for. Kakao, kaffi, te, og frukt er produkt som inneber risiko for brot på menneskerettar i leverandørkjeda, og er produkt som er sertifiserte etter ulike standardar. Det varierer rett nok kva produkt som er sertifiserte innanfor dei ulike sertifiseringane. Til dømes Fairtrade, UTZ og Rainforest Alliance har alle sertifisert kaffi, te og kakao. Både Rainforest Alliance og Fairtrade sertifiserer ulike typar frukt, men det er ikkje nødvendigvis dei same fruktene som er sertifiserte. Kva slags dokumentasjon som er relevant, og kva for nokre merkeordningar som blir oppgjevne må derfor tilpassast ut ifrå kva som skal anskaffast, og kva produkt kravet gjeld for. 

Når de skal velje ut kva produkt i avtalesortimentet eit slikt krav skal gjelde for, bør de sjekke kva for nokre av produkta som inkluderer risiko for brot på menneskerettar som også er sannsynlege brukarar av ei/fleire merkeordningar. Dette kan avdekkjast i marknadsdialogen, og du kan sjekke dei ulike merkeordningane sine nettsider.

Når du veit at det finst risiko for brot på menneskerettar, og at det eksisterer merkte produkt på marknadene, tilrår vi at det blir vurdert å plukke ut dei produkta som utgjer ein høg del av innkjøpsvolumet, anten i verdi eller prosent.  Eks: Dersom bananar utgjer ein stor del av fruktanskaffinga, medan melon berre utgjer ein liten del, så kan det vere meir føremålstenleg å stille dette kravet for bananar enn melon. Bananar er dessutan sertifiserte av både Fairtrade og Rainforest Alliance.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019