Statistikk og måling
- Mat- og drikkeprodukt
- Bestillingsløysing
Basis
- Særskilde kontraktsvilkår
Hovudføremål:
Hovudføremålet med dette kontraktsvilkåret er å danne datagrunnlag for måling av høgrisikoprodukt og klimafotavtrykk i avtalen. Dataa kan brukast for å identifisere risikoprodukt, og å synleggjere miljøvinstar i avtalen, i kontraktsoppfølging, og som grunnlag for framtidige konkurransar.
Utforming av krav:
I løpet av kontraktsperioden pliktar leverandøren å utarbeide statistikk for følgjande område, utan ekstra kostnad for oppdragsgjevar:
- Produkt- og varekategori
- Opphavsland
- Produsent
- Produkt med særeigenskapar (til dømes merkeordningar for sosialt ansvarleg produksjon, økologiske produkt, vegetarprodukt)
- Denne lista er ikkje-uttømmande, og innkjøpar må sjølv vurdere kva for nokre av punkta som er relevante for denne avtalen, eventuelt om andre bør inkluderast
Det skal vere mogleg å bryte dataa slik at avtaleforvaltar kan få overblikk over bestillingsmønstera til dei ulike einingane på avtalen. Statistikken skal sendast uoppfordra til oppdragsgjevar innan sette fristar og leverast X gonger i året. Første leveranse skal skje Y månader etter oppstart (oppdragsgjevar oppgjev sjølv).
Informasjon om kravet:
Dette kravet bør brukast i kombinasjon med krav til produkt med særlege eigenskapar, som økologisk eller vegetar, og krav til sosialt ansvar. Dataa leverandøren leverer, kan/skal brukast til å følgje opp dei spesifikke krava du har stilt i konkurransegrunnlaget.
Vidare er datagrunnlaget nyttig for å synleggjere den strategiske verdien av avtalen overfor leiarar og nøkkelpersonar i verksemda di. Til dømes kan det brukast til å vise korleis oppdragsgjevar ligg an til å nå mål om X % forbruk av økologiske varer, eller mål om å redusere klimafotavtrykket ved å auke forbruk av vegetarmat.
Oppdragsgjevar må sjølv vurdere kor ofte og kva tal som skal leverast.
Spydspiss
- Særskilde kontraktsvilkår
Hovudføremål:
Hovudføremålet med dette kontraktsvilkåret er å danne datagrunnlag for måling av klimafotavtrykk i avtalen. Dataa kan brukast for å synleggjere miljøvinstar i avtalen, i kontraktsoppfølging, og som grunnlag for framtidige konkurransar.
Utforming av krav:
I løpet av kontraktsperioden pliktar leverandøren å utarbeide statistikk for følgjande område, utan ekstra kostnad for oppdragsgjevar:
- CO2-ekvivalentar per kilo produsert vare (CO2/kg)
Det skal vere mogleg å bryte dataa slik at avtaleforvaltar kan få overblikk over bestillingsmønstera til dei ulike einingane på avtalen. Statistikken skal sendast uoppfordra til oppdragsgjevar innan sette fristar og leverast X gonger i året. Første leveranse skal skje Y månader etter oppstart (oppdragsgjevar oppgjev sjølv).
Informasjon om kravet:
Dette kravet bør brukast i kombinasjon med krav til produkt med særlege eigenskapar, som økologisk eller vegetar, og krav til sosialt ansvar. Dataa leverandøren leverer, kan/skal brukast til å følgje opp dei spesifikke krava du har stilt i konkurransegrunnlaget.
Vidare er datagrunnlaget nyttig for å synleggjere den strategiske verdien av avtalen overfor leiarar og nøkkelpersonar i verksemda di. Til dømes kan det brukast til å vise korleis oppdragsgjevar ligg an til å nå mål om X % forbruk av økologiske varer, eller mål om å redusere klimafotavtrykket ved å auke forbruk av vegetarmat.
Oppdragsgjevar må sjølv vurdere kor ofte og kva tal som skal leverast.
Det kan vere utfordrande for enkelte leverandørar å dokumentere og opplyse om klimafotavtrykket til varene sine. Dette vil seie at oppdragsgjevar bør gjennomføre marknadsundersøking og leverandørdialog i framkant. Slik dialog kan også avdekkje om det er enkelte av varene det er svært vanskeleg å kartleggje klimafotavtrykket av og som derfor kan utelatast frå kontraktsvilkåret.