System og rutinar for berekraftig palmeolje i matprodukt og kraftfôr

Grupper: 
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Tropisk avskoging

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre at leverandøren og/eller underleverandøren hans jobbar aktivt med å hindre avskoging for palmeolje som inngår i matprodukt og i kraftfôr som inngår i produksjon av egg, meieri- og kjøtprodukt som er omfatta av avtalen.

Kravet byggjer opp under klimamålet Noreg har om å redusere utslipp av klimagasser fra avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med bærekraftig utvikling.

 

 

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha system og rutinar for at palmeolje som blir brukt i matprodukt og i kraftfôr som inngår i produksjon av egg, meieri- og kjøtprodukt som er omfatta av avtalen, ikkje bidreg til avskoging av tropisk skog og torvmyr.

Dersom leverandør bruker underleverandørar for å oppfylle denne kontrakten, er leverandør forplikta til å vidareføre og bidra til etterleving av kravet i leverandørkjeda.

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjon kan vere retningslinjer, ei offisiell tilnærming (policy), skildring av arbeidet verksemda gjer på feltet eller liknande, som inkluderer målsetnader og informasjon om korleis desse målsetnadene skal oppnåast. Dokumentasjonen bør innehalde ein tidfesta handlingsplan.

Dokumentasjon må liggje føre innan [set inn dato, t.d. ein månad etter signering av kontrakt eller oppstart]. 

 

Informasjon om kravet: 

Palmeolje er ein relativt vanleg ingrediens i nokre typar kraftfôr. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga di inkluderer egg, meieri- og kjøtprodukt, som blant anna fjørfekjøt, svinekjøt, oksekjøt, mjølk, med meir.

Fleire andre matprodukt inneheld også palmeolje, til dømes bakarvarer, brød og rundstykke, frosenmat, sjokolade og is (Regnskogfondet har laga ein palmeoljeguide som kan gje oversikt). Desse produkta fell i stor grad inn under CPV-kode 15800000. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga gjeld desse typane produkt. Kravet kan nyttast både ved anskaffing av mat som ei vareanskaffing og kjøp av måltidstenester. Markedsdialog anbefalast. 

Formuleringa av kontraktsvilkåret bør tilpassast dersom anskaffinga berre gjeld egg, meieri og kjøtprodukt eller berre andre matprodukt.

 

Om Round Table for Sustainable Palm Oil (RSPO):

Ein måte å vise at palmeolja er berekraftig er at ho er sertifisert i samsvar med RSPO nivå Identity Preserved (IP) eller Segregert (SG).  RSPO omhandlar også vern av urfolk og lokalsamfunn sine område og rettar (inkludert retten til fritt, føregåande og informert samtykke).

Det finst fleire nivå innanfor RSPO. Identity Preserved og Segregert er dei to øvste nivåa. Ved kjøp av palmeolje sertifisert i samsvar med desse to nivåa så veit du kvar palmeolja kjem frå, og den palmeolja som blir kjøpt, er å rekne som berekraftig.

Dei to andre nivåa innanfor RSPO-ordninga er RSPO Credit og Mass Balance (MB). RSPO Credit inneber at det blir kjøpt sertifikat som stør opp om palmeoljeproduksjon, men palmeolja som blir kjøpt, veit du ikkje om er sertifisert eller ikkje. Palmeolje som er sertifisert som MB, inneber at sertifisert palmeolje og ikkje-sertifisert palmeolje blir blanda. Palmeolje som er sertifisert som RSPO Credit eller MB, er ikkje rekna som berekraftig i seg sjølv, då du ikkje veit kvar palmeolja du kjøper, stammar frå.

Ved bruk av dette kontraktsvilkåret på basisnivå godkjenner ein dokumentasjon som skildrar at leverandør eller underleverandør nyttar palmeolje sertifisert i samsvar med alle dei ulike nivåa innanfor RSPO, medrekna RSPO Credit, Mass Balance, Identity Preserved eller Segregert. Dokumentasjon som viser til utfasing av bruk av palmeolje i fôr eller matprodukt, blir godkjend ved bruk av krav både på basis og avansert nivå. 

Palmeolje som inngår direkte i matprodukt

Både ein policy som skildrar ein overgang til meir berekraftig palmeolje i produkt eller at ein ønskjer mindre bruk av palmeolje generelt i produkt, vil oppfylle kravet. Ut ifrå eit helseperspektiv er det likevel ikkje tilrådd med palmeolje i produkt.

Marknadsdialog:

Vi rår til at de undersøkjer med marknaden korleis leverandørar jobbar med avskoging i sine leverandørkjeder, og kva som er realistiske tidsfristar. Særlig er dette relevant dersom du vurderer å bruke kravene i forbindelse med en måltidstjeneste. Hør med potensielle leverandører av måltidstjenester om og hvordan de jobber med avskogningstematikk. 

Mykje av palmeolja som blir nytta i kraftfôr i Noreg, er sertifisert som Mass Balance eller RSPO Credit. Det finst riktignok også fôr med palmeolje som er sertifisert som Segregert. Undersøk i marknadsdialogen med potensielle leverandørar om korleis situasjonen er på tidspunktet for anskaffinga dykkar.

Tema i oppfølgingssamtalar:

Kva er status for arbeidet med avskoging i leverandørkjeda?

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre at leverandøren og/eller underleverandøren hans jobbar aktivt med å hindre avskoging for palmeolje som inngår i produkta og i kraftfôr som inngår i produksjon av egg, meieri- og kjøtprodukt som er omfatta av avtalen, og bidra til overgang til bruk av berekraftig palmeolje eller utfasing av palmeolje.

Kravet byggjer opp under klimamålet Noreg har om å redusere utslipp av klimagasser fra avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha system og rutinar for at palmeolje som blir brukt i matprodukt og i kraftfôr som inngår i produksjon av egg, meieri- og kjøtprodukt som er omfatta av avtalen, ikkje bidreg til avskoging av tropisk skog og torvmyr.

Dersom produkta som blir tilbydde på denne avtalen inneheld palmeolje, skal rutinane innehalde mål om å auke delen berekraftig palmeolje i matprodukt og i kraftfôr som inngår i produksjon av egg, meieri- og kjøtprodukt. Dette inneber at palmeolja er produsert under forhold som sikrar

  • at ein tek vare på naturskog og torvmyr
  • at palmeolja kan sporast tilbake til den enkelte mølla eller garden
  • rettferdige arbeidsvilkår, i samsvar med nasjonal og internasjonal lovgjeving, som ILO sine kjernekonvensjonar

Dersom leverandør bruker underleverandørar for å oppfylle denne kontrakten, er leverandør forplikta til å vidareføre og bidra til etterleving av kravet i leverandørkjeda.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal skildre korleis verksemda jobbar med overgang til matprodukt som inneheld berekraftig palmeolje og egg, kjøt- og meieriprodukt der palmeolja i kraftfôret dyra har ete, ikkje har bidrege til avskoging av tropisk skog og er rekna som berekraftig. Leverandør kan også levere inn dokumentasjon som skildrar utfasing av bruk av palmeolje. Slik dokumentasjon kan vere retningslinjer, ei offisiell tilnærming (policy), skildring eller liknande, som inkluderer målsetnader og informasjon om korleis desse målsetnadene skal oppnåast. Retningslinjene bør inkludere punkt om openheit om leverandørkjeder, og ein tidfesta handlingsplan.

Dokumentasjon må liggje føre innan [set inn dato, t.d. ein månad etter signering av kontrakt eller oppstart].

Informasjon om kravet: 

Palmeolje er ein relativt vanleg ingrediens i nokre typar kraftfôr. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga di inkluderer egg, meieri- og kjøtprodukt, som blant anna fjørfekjøt, svinekjøt, oksekjøt, mjølk, med meir.

Fleire andre matprodukt inneheld dessutan palmeolje, til dømes bakarvarer, brød og rundstykke, frosenmat, sjokolade og is (Regnskogfondet har laga ein palmeoljeguide som kan gje oversikt). Desse produkta fell i stor grad inn under CPV-kode 15800000. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga gjeld desse typane produkt. Kravet kan nyttast både ved anskaffing av mat som ei vareanskaffing og kjøp av måltidstenester. Markedsdialog er anbefalt. 

Formuleringa av kontraktsvilkåret bør tilpassast dersom anskaffinga berre gjeld egg, meieri og kjøtprodukt eller berre andre matprodukt.

Om Round Table for Sustainable Palm oil (RSPO):

Ein måte å vise at palmeolja er berekraftig er at ho er sertifisert i samsvar med RSPO nivå Identity Preserved (IP) eller Segregert (SG).  RSPO omhandlar også vern av urfolk og lokalsamfunn sine område og rettar (inkludert retten til fritt, føregåande og informert samtykke).

Det finst fleire nivå innanfor RSPO. Identity Preserved og Segregert er dei to øvste nivåa. Ved kjøp av palmeolje sertifisert i samsvar med desse to nivåa så veit du kvar palmeolja kjem frå, og den palmeolja som blir kjøpt, er å rekne som berekraftig.

Dei to andre nivåa innanfor RSPO-ordninga er RSPO Credit og Mass Balance (MB). RSPO Credit inneber at det blir kjøpt sertifikat som stør opp om palmeoljeproduksjon, men den palmeolja du kjøper, veit du ikkje om er sertifisert eller ikkje. Palmeolje som er sertifisert som MB, inneber at sertifisert palmeolje og ikkje-sertifisert palmeolje blir blanda. Palmeolje som er sertifisert som RSPO Credit eller MB, er ikkje rekna som berekraftig i seg sjølv, då du ikkje veit kvar palmeolja du kjøper, stammar frå.

Ved bruk av dette kontraktsvilkåret på avansert nivå er det berre dokumentasjon som skildrar bruk av palmeolje frå dei to øvste nivåa av RSPO-ordninga, Segregert eller Identity Preserved, som er å rekne som godkjend dokumentasjon. Dokumentasjon som viser til utfasing av bruk av palmeolje i fôr eller matprodukt, blir godkjend ved bruk av krav både på basis og avansert nivå.

Palmeolje som inngår direkte i matprodukt

Både ein policy som skildrar ein overgang til meir berekraftig palmeolje i produkt eller at ein ønskjer mindre bruk av palmeolje generelt i produkt, vil oppfylle kravet. Ut ifrå eit helseperspektiv er det likevel ikkje tilrådd med palmeolje i produkt.

Marknadsdialog:

Vi rår til at de undersøkjer med marknaden korleis leverandørar jobbar med avskoging i sine leverandørkjeder, og kva som er realistiske tidsfristar. Særlig er dette relevant dersom du vurderer å bruke kravene i forbindelse med en måltidstjeneste. Hør med potensielle leverandører av måltidstjenester om og hvordan de jobber med avskogningstematikk. 

Mykje av palmeolja som blir nytta i kraftfôr i Noreg, er sertifisert som Mass Balance eller RSPO Credit. Det finst riktignok også fôr med palmeolje som er sertifisert som Segregert. Undersøk i marknadsdialogen med potensielle leverandørar om korleis situasjonen er på tidspunktet for anskaffinga dykkar.

Tema i oppfølgingssamtalar:

  • Kva er status for arbeidet med avskoging i leverandørkjeda?

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 27. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019