System, registrering og styring av materialar, varer og kjemiske produkt

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

Byggjevarer inneheld ein del kjemikal som verkar inn på miljø og helse. Eit bygg er samansett av mange ulike produkt og det er mange avgjerdstakarar involvert, difor er det ei utfordring å stille krav til materialar i byggverk og oppfølginga av krava.

Argument

For å sikre at krava blir varetekne er det viktig at den prosjekterande har system for å vareta miljøkrav til produkt i prosjekteringa Det gjeld både produkt og materialar (faste produkt) til bygget og kjemiske produkt som blir nytta i byggjeprosessen.

Utforming av krav: 

Når kontrakten blir signert skal leverandøren dokumentere at dei har eit system for styring av konsept og løysingar for at alle miljøkrav blir varetekne, med rutinar for korleis det skal følgjast opp i prosjektet:

Dersom leverandøren ved kontraktsignering ikkje klarer å dokumentere rutinar, ev. ikkje dokumenterer tilfredsstillande, kan det bli sett i verk sanksjonar i form av ei dagbot som går til forholdet er retta på.

 

Informasjon om kravet: 

Difi tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret. Det er snakk om ein ny marknad og nye tenesteleverandørar kjem på bana. Det kan vere leverandørar innan bygningsinformasjonsmodellering (BIM) som ser på det som ein fordel å knyte materialdata på produkt inn i eigenskapane til elementa i modellane sine.

 

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Desse elektroniske systema finst i Noreg, men dei er ikkje godt tilpassa bruk i prosjektering

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019