System, registrering og styring av materialar, varer og kjemiske produkt

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

Byggjevarer inneheld ein del kjemikal som verkar inn på miljø og helse. Eit bygg er samansett av mange ulike produkt og det er mange avgjerdstakarar involvert, difor er det ei utfordring å stille krav til materialar i byggverk og oppfølginga av krava.

Argument

Det er viktig at entreprenøren har system for å ta hand om miljøkrav til produkt for å kunne dokumentere at bygget ikkje inneheldt stoff med miljø- og helseskadelege eigenskapar. Det gjeld både faste produkt til bygget og kjemiske produkt som vert nytta i byggjeprosessen.

Utforming av krav: 

Når kontrakten blir signert skal leverandøren skildre og dokumentere at dei har eit system for registrering og styring av materialval, varer og kjemiske produkt slik at alle miljøkrav blir varetekne, i tillegg til rutinar for korleis dette skal følgjast opp i prosjektet.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjonen av systemet og styring av val, og rutinar for oppfølging må innehalde:

  1. Ei skildring av sjølve systemet:

    1. Korleis legg ein krav til registrering inn i systemet, til dømes <vel aktuelt tema>

      1. Kjemikal

      2. avgassing til inneklima (VOC)

      3. tropisk trevirke og trevirke som ikkje er berekraftig

      4. klimagassutslepp

      5. bruk av miljømerke, EPD, eller tilsvarande.

    2. Korleis handterer ein desse krava vidare i prosjektet?

  2. Dokumenterte rutinar for oppfølging i prosjektet:

    1. Ansvarleg personell

    2. Rutinar for å avklare og følgje opp alle dei relevante materialvala i prosjektet, til dømes <vel aktuelt tema>

      1. Kjemikal

      2. avgassing til inneklima (VOC)

      3. tropisk trevirke og trevirke som ikkje er berekraftig

      4. klimagassutslepp

      5. bruk av miljømerke, EPD, eller tilsvarande.

    3. Avvikssystem: Det må vere eit system som gjer at byggherren blir varsla så raskt som mogleg dersom det blir planlagt produkt på byggjeplassen som inneheld stoff med uønskte eigenskapar.

  3. Relevant personell har den naudsynte opplæringa i systematikken og rutinane

Informasjon om kravet: 

Det er snakk om ein ny marknad, så nye tenesteleverandørar kan kome på bana. Det kan vere leverandørar innan bygningsinformasjonsmodellering (BIM) som ser på det som ein fordel å knyte materialdata på produkt inn i eigenskapane til elementa i modellane sine. Ein marknadsdialog rundt dette kravet kan vere fornuftig.

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Desse elektroniske systema finst i Noreg:

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019