System, registrering og styring av materiale, varer og kjemiske produkt

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Byggjevarer inneheld ein del kjemikal som har effektar på miljø og helse. Eit anlegg består av mange ulike produkt, og det er mange avgjerdstakarar involvert, det er derfor er ei utfordring å stille krav til materiale i prosjektet og oppfølginga av krava.

For å sikre at krav blir varetekne er det viktig at prosjekterande har system for å vareta miljøkrav til produkt i prosjekteringa. Dette gjeld både produkt og materiale (faste produkt) til anleggsplassen og kjemiske produkt som blir brukte i byggjeprosessen.

Utforming av krav: 

Entreprenør skal ved kontraktsignering dokumentere at dei har eit system for styring og kontroll av materiale og kjemiske produkt for å vareta valde miljøkrav, og rutinar for korleis dette blir følgt opp i prosjektet:

Dersom leverandøren ikkje klarer å dokumentere, ev. ikkje dokumenterer tilfredsstillande rutinar, ved kontraktsignering, kan det setjast i verk sanksjonar i form av ei dagbot som går til forholdet er retta.

Dokumentasjon av kravet: 

Ein dokumentasjon av systemet og styring av val, og rutinar for oppfølging må innehalde:

  1. Ei skildring av sjølve systemet:
    1. Korleis system registrerer og fangar opp krav til <vel aktuelt tema>
      1. kjemikal
      2. klimagassutslepp
      3. bruk av miljødeklarasjonar, EPD, eller tilsvarande.
    2. Korleis handterer systemet desse krava vidare i prosjektet?
  2. Dokumenterte rutinar for oppfølging i prosjektet:
    1. Ansvarleg personell
    2. Rutinar for å følgje opp alle relevante materialval i prosjektet, som til dømes krav til<vel aktuelt tema>
      1. kjemikal
      2. klimagassutslepp
      3. bruk av miljødeklarasjonar, EPD, eller tilsvarande.
    3. Avvikssystem: Systemet skal ha rutinar for å varsle byggherre så raskt som mogleg dersom det er planlagt produkt på anleggsplass som inneheld stoff som står på prioritetslista.
  3. Relevant personell har den nødvendige opplæringa i systematikken og rutinane

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret. Dette er ein ny marknad, og nye tenesteleverandørar kjem på bana. Dette kan vere leverandørar innanfor bygningsinformasjonsmodellering (BIM) som ser på det som ein fordel å knyte materialdata på produkt inn i eigenskapane til elementa i modellane sine.

Relaterte lenkjer: 

Følgende elektroniske systemer finnes i Norge:

Følgjande elektroniske system finst i Noreg:

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 29. des 2020