Ta vare på grunnleggjande menneskerettar i leverandørkjeder for nettbrett

Grupper: 
  • Nettbrett
Kategori: 
  • Menneskerettar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at IT-utstyr som blir anskaffa er produsert under arbeidstilhøve som tek vare på grunnleggjande menneskerettar for arbeidarane.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal under heile kontraktsperioden rette seg etter punkt 1-4 i kontraktsvilkåra. 

Kontraktsvilkåra byggjer på SN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar med aktsemdsvurderingar som metode. Aktsemdsvurderingar er ein internasjonalt anerkjend metode for å kartleggje, førebyggje, avgrense og gjere greie for korleis verksemder handterer eventuell negativ påverknad på arbeidstakar- og menneskerettar i eiga verksemd og i leverandørkjeda. 

Dersom Leverandøren bruker underleverandørar for å oppfylle denne kontrakten, er Leverandøren forplikta til å vidareføre og bidra til etterleving av krava i leverandørkjeda.

 

1. Å rette seg etter internasjonale konvensjonar og arbeidsmiljølovgjevinga i produksjonsland

Varene som blir leverte i denne kontrakten, skal vere framstilte under forhold som er i samsvar med krava lista opp nedanfor. Krava gjeld i Leverandøren si eiga verksemd og i leverandørkjeda. Krava omfattar: 

  • ILO sine kjernekonvensjonar om tvangsarbeid, barnearbeid, diskriminering, fagrørslerettar og retten til kollektive forhandlingar: nr. 29, 87, 98, 100, 105, 111, 138 og 182. 
    • Der konvensjon 87 og 98 er avgrensa ved nasjonal lov skal arbeidsgjevaren leggje til rette for, og ikkje hindre alternative mekanismar for fri og uavhengig organisering og forhandling.
  • SN sin barnekonvensjon, artikkel 32. 
  • Arbeidsmiljølovgjevinga i produksjonsland[1]. Av særlege relevante tilhøve framhevast 1) løns- og arbeidstidsvilkår, 2) helse, miljø og tryggleik, 3) regulære tilsetjingstilhøve, inklusive arbeidskontraktar, samt 4) lovfesta forsikringar og sosiale ordningar.  

Der internasjonale konvensjonar og nasjonal lovgjeving handlar om same tema, skal den høgaste standarden alltid gjelde.  

 

2. Policyar og rutinar 

For å oppfylle krava i punkt 1, og for å førebyggje og handtere eventuelle avvik frå krava, skal Leverandøren ved kontraktstart, eller seinast innan 6 månader etter kontraktstart, ha:

  1. 2.1 Ein eller fleire offentleg tilgjengelege policyar, vedtekne av styret. Innhaldet skal som minimum omfatte ei forplikting om å etterleve krava i punkt 1, i eiga verksemd og i leverandørkjeda.  Ein eller fleire tilsette på leiingsnivå skal ha ansvar for etterleving.
  2. 2.2 Rutinar for formidling og regelbunden oppfølging av slik policy i eiga verksemd og i leverandørkjeda.
  3. 2.3 Rutinar for å utføre regelbundne risikoanalysar i eiga verksemd og i leverandørkjeda. Det inneber å identifisere og prioritere risiko for brot på krava i punkt 1. Rutinen(rutinane) skal også skildre kva tiltak Leverandøren vil setje i verk for å førebyggje, stoppe og/eller redusere konsekvensane av brot på krava. I tråd med metoden for aktsemdsvurderingar skal alvorlegast risiko, uavhengig av kvar i leverandørkjeda risikoen er, prioriterast først.

 

3. Kontraktsoppfølging 

Leverandøren skal sikre at krava i punkt 1 og 2 etterlevast i eiga verksemd og i leverandørkjeda. Oppdragsgjevar kan krevje at etterleving blir dokumentert ved eitt eller fleire av følgjande tiltak:

  1. 3.1 Dokumentere vedtekne policyar og rutinar, jf. punkt 2.
  2. 3.2 Gje ei oversikt over produksjonseiningar i leverandørkjeda for utvalde risikoprodukt, og/eller -komponentar og/eller -råvarer, bestemt av Oppdragsgjevar.
  3. 3.3 Svare på eigenrapportering seinast seks veker etter utsending frå Oppdragsgjevar, med mindre Oppdragsgjevar har sett ein annan frist.
  4. 3.4 Dokumentere gjennomført risikoanalyse, og rapportere om oppfølging og handtering av funna.
  5. 3.5 Delta i oppfølgingssamtale(-samtalar) med Oppdragsgjevar, og eventuelt andre relevante interessentar.
  6. 3.6 Vise fram rapport(ar) relevant for krava i punkt 1. Rapport(ane) skal kome frå uavhengig part.
  7. 3.7 Kontroll og revisjon av krava i punkt 1 og 2 på Leverandøren sitt hovudkontor[2].
  8. 3.8 Kontroll og revisjon av krava i punkt 1 og 2 i leverandørkjeda[3]. Kontrollar og revisjonar skal ein strekkje seg etter å gjennomføre i samarbeid mellom Leverandøren og Oppdragsgjevar.

 

Dersom Leverandøren blir klar over forhold i strid med punkt 1 og 2 i leverandørkjeda, skal Leverandøren rapportere dette til Oppdragsgivar utan ugrunna opphald.

4. Sanksjonar 

Ved brot på punkt 1–3, eller om det ligg føre manglar i dokumentasjonen, gjeld sanksjonsreglar i hovudkontrakten med følgjande tillegg og presiseringar. Oppdragsgjevar kan:
 

  1. 4.1 Krevje retting: Leverandøren skal rette brot innan ein tidsfrist sett av Oppdragsgjevar. Leverandøren skal leggje fram ein tiltaksplan for når og korleis brota skal rettast. Tiltaka skal vere rimelege sett i forhold til arten og omfanget av brota.  Tiltaksplanen skal leggjast fram innan fire veker, med mindre Oppdragsgjevar har sett ein annan frist.  Oppdragsgjevar skal godkjenne tiltaksplanen, og dokumentasjon av rettingar.
  2. 4.2 Setje i verk mellombels stopp i heile eller delar av leveransen når:
  3.       4.2.1 tiltaksplanen ikkje blir halden
  4.       4.2.2 leverandøren ikkje oppfyller kravet om å leggje fram tiltaksplan
  5.       4.2.3 manglar ikkje blir utbetra innan rimeleg tid

             eventuelle erstatningskjøp som blir gjort hjå annan leverandør er ikkje å rekne som kontraktsbrot.

  1. 4.3 krevje at Leverandøren byter underleverandør: ved vesentlege og gjentakande brot eller dersom tiltaksplanen ikkje blir halden Dette skal skje utan kostnad for Oppdragsgivar.
  2. 4.4 Heve kontrakten: ved vesentlege eller gjentakande brot.

 

Det blir stadfesta at Leverandøren har lese, forstått og akseptert kontraktsvilkåra som gjeld for denne kontrakten.

 

.........................................................                               …………………………………….

Namn, dagleg leiar, [Leverandør]                                       Stad/Dato

 

.........................................................      

Underskrift, dagleg leiar, [Leverandør]                         

 

[1] https://www.ohchr.org/documents/publications/GuidingprinciplesBusinesshr_eN.pdf

[2] Kontraktsvilkåret er avgrensa til å handle om menneske- og arbeidstakarrettar. Aktsemdsvurderingar i kontraktsvilkåret er derfor avgrensa til å handle om desse områda. OECD har utarbeidd ein rettleiar for aktsemdsvurderingar for ansvarleg næringsliv. Denne tek også opp andre tema, som blant anna miljø, antikorrupsjon og forbrukarinteresser.  Les meir om aktsemdsvurderingar her: https://nettsteder.regjeringen.no/ansvarlignaringsliv2/files/2019/01/Aktsomhetsvurderinger-for-ansvarlig-n%C3%A6ringsliv-brosjyre.pdf

[3] https://www.ilo.org/global/standards/introduction-to-international-labour-standards/conventions-and-recommendations/lang--en/index.htm

[4] https://www.ohchr.org/EN/ProfessionalInterest/Pages/CRC.aspx

[5] Her meiner vi alle produksjonsland i leverandørkjeda der utvinning og produksjon av råvare og/eller komponent/halvfabrikata og/eller ferdigvare, inklusive distribusjon og transport, skjer.

[6] Kan gjennomførast av Oppdragsgjevar eller den Oppdragsgjevar gjev mynde.

[7]Oppdragsgjevar, eller den Oppdragsgjevar gjev mynde til, har rett til å gjennomføre kontrollar i leverandørkjeda. Ved kontroll pliktar Leverandør å skaffe fram kontaktopplysningar. Desse blir behandla i samsvar med offentleglova.

Dokumentasjon av kravet: 

På førespurnad frå oppdragsgjevar skal det leverast inn dokumentasjon, jf. punkt 3. Denne dokumentasjonen må leverast inn etter frist som framkommer av krava, eller anna frist sett av oppdragsgjevar. Oppfyllast av krav til policys og rutinar, j-f punkt 2, kan i tillegg til det som framkommer av punkt i 3 kontraktsvilkåra, dokumenterast ved:

Alternativ 1:

Om leverandør og/eller produsent (varemerkeeigar) er medlem i kategorien «regular member» eller «full member» i Responsible Business Alliance (RBA), kan dokumentasjon på medlemskap leverast inn som dokumentasjon for varemerkeeigarar og produsentar som samanstiller produkta (det vil seie 1. ledd i leverandørkjeda).  på ivaretaking av punkt 2.1, og punkt 2.2 og det som omhandlar rutinar for formidling av policy i egen verksemd og leverandkjeda. Gyldig og oppdatert medlemsbevis må leggjast ved. Dei resterande krava i punkt 2, under dette punkt 2.2 om oppfølging av slik policy i egen verksemd og i leverandørkjeda, og punkt 2.3, må dokumenterast på annan måte, til dømes gjennom innsending av supplerande relevant dokumentasjon og/eller eigenrapportering, og skal ha tilknyting til produkta som leverast i denne avtalen/kontrakt. Leverandør kan leggje ved rapporter eller legnande som viser korleis punkt 2.2 og 2.3 oppfyllast i sine leverandørkjeda(r), men denne dokumentasjonen må beskrive korleis innhaldet gjelder produkta som er omfatta av denne kontrakt. Dersom de ikkje gjer det, må tilleggs-beskrivande for dette leggast ved.

 

Alternativ 2:

Om det leverast produkt sertifiserte i samsvar med TCO Certified generasion 3,5 7 og 8, kan dette leverast som dokumentasjon på ivaretaking av punkt 2.2 og 2.3 for varemerkeeigarar og produsentar som samanstiller produkt (det vil seie 1. ledd i leverandørkjeda). Gyldig TCO-sertifikat må leggjast ved. Punkt 2.1 må dokumenterast på annan måte, til dømes gjennom innsending av supplerande relevant dokumentasjon og/eller eigenrapportering. Om det også leverast andre produkt som ikkje er sertifiserte i samsvar med TCO generasjon 3, 5, 7 og 8 må leverandør, på førespurnad frå oppdragsgjevar, levere dokumentasjon for produsent (varemerkeeigar) og produsentar som samanstilt varene, og gjelde for produkta som er omfatta av denne avtalen/kontrakt. Andre tredjepartsertifiserte merkeordningar som viser at eitt eller fleire av krava i punkt 2 er oppfylt(e) kan også nyttast som dokumentasjon. Det må då skildrast korleis punkta 2.1-2.3 blir tekne hand om gjennom merkeordninga.

 

Alternativ 3:

Krava kan også dokumenterast på annan måte, som gjennom eigenrapportering, og ved vedlegging av relevant dokumentasjon i samsvar med innhald i kontraktsvilkåret, jamfør punkt 2.1-2-3.

 

Dokumentasjon for etterleivas av krav til policys og rutinar skal leverast i henhold til frist satt i punkt 2 av kontraktsvilkåra.

Informasjon om kravet: 

Kravformuleringen er utarbeide av Difi og Etisk Handel Norge i fellesskap, og er en revidert versjon av kontraktsvilkåret frå 2016. Kravformuleringen kan brukast uavhengig av type produkt(er) som skal anskaffes. Difi har for IT-utstyr utarbeid forslag til korleis deler av kravet kan dokumenterast  for IT-utstyr spesifikt. Det som står under dokumentasjonskrav er derfor spesielt tilpassa for anskaffing av IT-utstyr.

 

Kontraktsvilkåret er avgrensa til å omhandle menneske- og arbeidstakarrettar. Aktsomhetsvurderinger i kontraktsvilkåret er derfor avgrensa til å omhandle disse områda. OECD har utarbeide en veileder for aktsomhetsvurderinger for ansvarleg næringsliv. Denne omhandla også andre tema, som blant annet miljø, antikorrupsjon og forbrukarinteresser.

 

I leverandørkjeda til IT-utstyr, som PC-ar, skjermar og nettbrett, er det påvist brot på grunnleggjande menneskerettar, noko som tilseier at det bør stillast krav som omhandlar ivaretaking av grunnleggjande menneskerettar ved produksjon. Ved vurdering av om oppdragsgjevar skal stille slike krav i si anskaffing, bør det gjerast ei vurdering av dette opp mot verdi og lengde på kontrakten. Til dømes tilseier høg verdi (over terskelverdi) og lang lengde (rammeavtale) på avtalen, i tillegg til at IT-utstyr i utgangspunktet har risiko for menneskerettsbrot, at det bør stillast krav til ivaretaking av grunnleggjande menneskerettar i anskaffing av IT-utstyret.

 

Oppfølging av kravet:

Kravet kan følgjast opp gjennom bruk av eigenrapporteringsskjema, oppfølgingssamtalar, ved å be om dokumentasjon over produksjonsstader og/eller kontroll av arbeidstilhøve ved leverandørens hovudkontor eller på produksjonsstad.

For å forenkle arbeidet med oppfølginga for både oppdragsgjevar og leverandør kan leverandør som dokumentasjon for oppfylling av delar av kravet vise til medlemskap i RBA og/eller at dei har TCO-sertifiserte produkt, eller produkt sertifiserte gjennom andre tredjepartsertifiserte merkeordningar som oppfyller krava. Krava kan sjølvsagt også dokumenterast på andre måtar. Det mest føremålstenlege er då at oppdragsgjevar brukar eigenrapporteringsskjema som inneheld spørsmål relaterte til dei ulike punkta i vilkåra, eller tek det opp på ein oppfølgingssamtale med leverandør. Difi vil oppdatere sitt eksisterande eigenrapporteringsskjema slik at det samsvarar med nye kontraktvilkår som Difi og Etisk handel Norge har publisert.   

 

Om RBA:

RBA er ikkje eit miljømerke, men dokumentasjon på medlemskap i RBA, i kategorien «regular member» eller «full member», kan brukast som dokumentasjon på enkelte punkt i krav til Ivaretaking av grunnleggjande menneskerettar i leverandørkjeder for PC-ar, skjermar og nettbrett.

RBA, tidlegare Electronic Industry Citizenship Coalition (EICC), er ein medlemsorganisasjon beståande av verksemder frå elektronikkbransjen, bilindustrien og frå leike- og varehandelbransjen. Fokusområdet til alliansen er arbeidsrettar og vilkår for arbeidarar i globale leverandørkjeder. Som medlem i RBA, avhengig av medlemsnivå, pliktar ein seg til å overhalde ulike medlemsplikter. Mellom desse er å halde og etterleve ein Code of Conduct i leverandørkjeda si. RCA sin Code of Conduct inneheld ei rekkje ulike element, om menneskerettar og arbeidstakarrettar, miljø, krav til leiingssystem, etikk med meir.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 30. sep 2019, Sist endra: 14. nov 2019