Temperatur og luftkvalitet

Grupper: 
  • Leige av eigedom
Kategori: 
  • Inneklima

Minimum

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Dette kriteriet skal sikre godt inneklima i høve til forskrifter og standardar. God temperaturregulering og oppretthalding av luftkvalitet er viktig for trivsel og arbeidsmiljø. 

Utforming av krav: 

Inneklimakvalitet skal tilfredsstille kategori 3 i NS-EN 15251:2007+NA2014, samt NS-EN 7730.

Med unntak av periodar med brukarstyrt vindaugelufting, skal grenseverdiar for innetemperatur og lufthastigheiter alltid haldast. Høge grenseverdiar for innetemperatur aksepterast i varme sommarperiodar ved utelufttemperatur over 22 °C. Overskridinga bør ikkje utgjere meir enn 50 timar per år i brukstida til lokala.

Dokumentasjon av kravet: 

Nivå 4. minimum

Inneklimakvaliteten kan dokumenterast med utrekningar som viser temperaturar ved spesifiserte driftsvilkår for lokala og standardiserte klimadata. Alternativt kan kvaliteten dokumenterast med historisk logg frå SD-anlegg eller anna loggutstyr.

Om det krevjast medverknad frå leigetakar/brukar (til dømes manuell bruk av solskjerming eller lufting med opningsvindauge) for å nå eit tilfredsstillande inneklima, skal det liggje føre ei brukarrettleiing som instruerer brukaren i optimal bruk og drift.

Informasjon om kravet: 

Krav til inneklima og helse er i hovudsak regulert av gjeldande teknisk forskrift, med tilvising til: Norsk inneklimastandard NS-EN 15251, supplert med krav i NS-EN ISO 7730 (krav til lokalt termisk ubehag, kaldras, temperaturgradient m.m.).

Norsk inneklimastandard NS-EN 15251, definerer 4 ulike inneklimakvalitetar, og det er rådd til at desse brukast som grunnlag for kvalitetskrav i kravspesifikasjonar mellom leigetakar og utleigar/gardeigar.

Det er mogleg å velje ulike klimaklassar for ulike delar av bygningen.

Kategori 1

Der ein leigetakar krev inneklima i kategori 1, må det gjerast ei vurdering av om bygget greier å tilfredsstille dette kravet. Generelt er dette nivået krevjande og kravet er over kva som normalt krevjast i leigeareal.

Kategori 2

Kategori 2 kan vanlegvis tilfredsstillast i dei fleste bygg med vanleg ventilasjon med/utan kjøling, gode vindauge med U-verdi på maksimalt 1,6 W/m2, med høve for solskjerming, manuell eller automatisk, og med moderate interne påkjenningar, sjå seinare avsnitt. Forenkla tekniske system vil normalt også kunne tilfredsstille krava i denne kategorien.

Kategori 3

Kategori 3 kan brukast for eksisterande bygg der bygget generelt ikkje er i tilfredsstillande stand (tilfredsstiller gjeldande TEK-krav). Det kan vere utilstrekkeleg ventilasjon eller manglande høve for brukarstyringar.

Kategori 4

 Kategori 4 bør berre aksepterast i korte periodar, og det må liggje føre brukarrettleiingar og instruksar for kompenserande tiltak i desse periodane.

Kategori 3 og 4 oppfyller ikkje Rettleiing til teknisk forskrift. Det er difor som hovudregel ikkje rådd til at dei brukast som krav for større rehabiliteringar og nye bygg, der det er mogleg å velje ei løysing som tilfredsstiller kategori 2.

Vurderinga til brukaren av inneklima er ei subjektiv vurdering. Det vil avhenge av mange faktorar. Høve for brukarmedverknad og styring, opning av vindauge, tilpassing av skjerming m.m. kan i nokon grad kompensere for mindre kapasitet på tekniske system. Dette er innarbeidd i krav til romtemperaturar i NS 15251 (Norsk Inneklimastandard).

Norsk Inneklimastandard krev at inneklimaet dokumenterast ved utrekningar, alternativt ved måling eller spørjeundersøkingar.

Luftkvalitet

Dimensjonerande luftmengder i bygget dimensjonerast ut frå krav til ventilering av forureiningar frå personar, materiale, inventar mm., og slik at innelufta blir oppfatta som frisk og behageleg.

Luftkvalitet blir ikkje opplevd likt av alle personar. Nokre personar opplever tidlegare enn andre at luftkvaliteten ikkje er tilfredsstillande, og i praksis er det ikkje mogleg å gjere alle til lags. Teoretisk er det venta at 15 % er misnøgde med luftkvaliteten (i beste inneklimaklasse 1), bedømt av eit førstegangsinntrykk straks etter at ein person går inn i eit lokale.

Inneklimakategori 2, betyr at maksimalt 20 % er misnøgde med luftkvaliteten, bedømt av eit førstegangsinntrykk straks etter at ein person går inn i eit lokale.

For å sikre godt inneklima og låge emisjonar av skadelege stoff til inneklimaet, skal det veljast bygningsmateriale og inventar som har låg eller inga forureining til innelufta. Teknisk forskrift (TEK) stiller krav til val av lågemitterande materiale for nybygg, men det kan også veljast for eksisterande bygg. Overflatemateriale som har vore i bygget i meir enn 2 år gjev ikkje frå seg meir forureining.

Inneklimakategori 2 for luftkvalitet svarar til ein maksimal CO2-konsentrasjon på 500 ppm høgare enn utandørs konsentrasjon, som gjev ein innandørs konsentrasjon under 1000 ppm. Tilsvarande verdiar for kategori 1 og 3 er 750 ppm, og 1200 ppm.

Med vanleg dimensjonerande luftmengder i nye og rehabiliterte kontorbygg, vil ein oftast nå 750 ppm. Dette er ei følgje av at luftmengda bestemmast ut frå krav til emisjonar frå personar + materiale (som ikkje gjev frå seg CO2). Såleis oppnår ein inneklimakategori 1 med vanlege dimensjonerande luftmengder på 26 m3/person + 2,5 m3/m2 h for materiale, og det gjev samsvar med krav til kategori 1 (750 ppm).

Bygg med forenkla tekniske system kan oppnå samsvar med minimum inneklimakategori 2, der krav vurderast etter ekvivalensmetoden (middel betraktning). Det gjeld vidare at kravet gjevast for samla luftmengde tilført rommet. Kravet i Teknisk forskrift er, at «Frisklufttilførsel på grunn av forureiningar frå personar med lett aktivitet skal vere minimum 26 m3 per time per person. Ved anna aktivitetsnivå enn lett aktivitet, skal frisklufttilførselen tilpassast slik at luftkvaliteten blir tilfredsstillande». Det betyr at der det er ein tilfredsstillande kvalitet på utelufta, kan utelufta gjennom ventilar i vindauge bidra heilt eller delvis til å tilfredsstille kravet.

Resultat frå pågåande forskingsprosjekt «Naturligvis – passiv klimatisering av fremtidens energieffektive bygg», indikerer at der ein held lufttemperatur låg og luftfukt mellom 20 % og 35 %, kan låge ventilasjonsluftmengder ned til 13 m3/h gje svært god opplevd luftkvalitet (talet på misnøgde vil vere 10% og svare til inneklimaklasse 1), mot vanleg krav på 26 m3/h per person + 2,5 m3/m2. Dette svarar til vesentleg reduksjon samanlikna med normale krav til inneklimaklasse 1. Same undersøking viser også at der ein aukar luftmengda til 36 m3/h og aukar temperatur til 23oC og RF til 50%, aukar talet på misnøgde til 20% (Inneklimaklasse 2).

Vidare viser same undersøking at det er fornuftig å halde RF på vinteren over 15% RF (det vil auke arbeidseffektiviteten), noko som også krev at det aksepterast litt høgare CO2 verdiar (Lassen, N, et. Al, 2018, Naturligvis – passiv klimatisering av fremtidens energieffektive bygg/, /Fanger et. al/).

Desse resultata er interessante for å nå tilfredsstillande inneklima i eksisterande bygg og i bygg med forenkla tekniske system i vinterperiodar med tørr uteluft. Det bør vere ein del av diskusjonen av inneklimakrav om det i kalde periodar kan aksepterast litt lågare luftmengder og med det litt høgare CO2 -verdiar for å sikre at lufta ikkje blir for «tørr».

Det er tilrådd å lage ein avtale der utleigar som har betre kjennskap til lokala samarbeider med leigetakar i samband med kjøp av utstyr. Utstyrsval vil påverke energiforbruk og inneklima og kan også vere relevant i høve til materialbruk. I motsett fall risikerer ein å fylle eit miljøriktig bygg med energisløsande utstyr, eller at ein byggjer inn komponentar og materiale som har store emisjonar og som gjev eit dårleg inneklima.

Lufttemperaturar

Termisk inneklima dimensjonerast for godkjende komforttemperaturar for sommar- og vintersituasjonar. I dimensjoneringa føresetjast til vanleg at brukarane av bygget har ei påkleding som er tilpassa årstida og eit aktivitetsnivå som svarar til vanleg stillesitjande kontorarbeid. I sommarperiodar føresetjast det at brukarane har vanlege sommarklede (teknisk clo-verdi på 0,5), og i vinterperiodar føresetjast det at brukarane har vanlege vinterklede (teknisk clo-verdi på 1,0). Dei tilsvarande komforttemperaturane er for sommar for kategori 2, 23–26° C, og for vinter, 20-24 °C.

Det er ikkje mogleg å etablere eit romklima som gjer alle til lags. Utrekningar og teori kan føreseie den prosentvise delen av ei gruppe personar som vil vere misnøgde med eit gjeve termisk inneklima med gjeve påkleding og aktivitet. I eit kontorlandskap vil det alltid vere ulike preferansar for det som blir oppfatta som eit tilfredsstillande termisk inneklima, og i praksis er det ikkje mogleg å gjere alle nøgde. Teoretisk er det alltid 6 % som er misnøgde med det termiske inneklimaet.

Om inneklimaet i bygget er i samsvar med krav til inneklimakategori 2, er kravet at maksimalt 10 % av medarbeidarane er misnøgde med det termiske inneklimaet (temperaturnivået i arbeidslokala). Om medarbeidarane har ulik påkleding og aktivitetsnivå, vil talet på misnøgde auke, og fleire vil føretrekke litt lågare eller litt høgare temperatur. 

I dimensjoneringa av tekniske system bør det leggjast til grunn at optimale temperaturgrenser kan overskridast (i arbeidstida frå 08.00 - 17.00), i særleg varme periodar. Dette er i samsvar med rettleiinga i TEK og krav i NS 15251. Vanleg nivå for aksepterte overskridingar av temperaturgrenser er 50 timar. Simuleringa bør baserast på ein bruksprofil som samsvarar med lokala i reell bruk, døme på brukarprofilar finst i SN/TS 3031:2016.

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Dette kriteriet skal sikre godt inneklima i høve til forskrifter og standardar. God temperaturregulering og oppretthalding av luftkvalitet er viktig for trivsel og arbeidsmiljø. 

Utforming av krav: 

Inneklimakvalitet skal tilfredsstille kategori 3 i NS-EN 15251:2007+NA2014, samt NS-EN 7730.

Med unntak av periodar med brukarstyrt vindaugelufting, skal grenseverdiar for innetemperatur og lufthastigheiter alltid haldast. Høge grenseverdiar for innetemperatur aksepterast i varme sommarperiodar ved utelufttemperatur over 22 °C. Overskridinga bør ikkje utgjere meir enn 50 timar per år i brukstida til lokala.

Dokumentasjon av kravet: 

Alternativ for dokumentasjon:

  1. Dokumentasjon med utrekning, eller måling (eksisterande bygg).
  2. Dokument som viser samsvar med kriterium frå NS 15251:2007+NA2014.
  3. Dokument som svarar til samsvarsnotat i BREEAM-NOR 2016, Hea 2. og Hea 3.

Avansert

Bygget skal tilfredsstille krav til 2 poeng i BREEAM-NOR 2016, HEA 2 - inneluftkvalitet.

1 poeng i BREEAM-NOR 2016, HEA 3 - termisk miljø.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Dette kriteriet skal sikre godt inneklima i høve til forskrifter og standardar. God temperaturregulering og oppretthalding av luftkvalitet er viktig for trivsel og arbeidsmiljø. 

Utforming av krav: 

Inneklimakvalitet skal tilfredsstille kategori 3 i NS-EN 15251:2007+NA2014, samt NS-EN 7730.

Med unntak av periodar med brukarstyrt vindaugelufting, skal grenseverdiar for innetemperatur og lufthastigheiter alltid haldast. Høge grenseverdiar for innetemperatur aksepterast i varme sommarperiodar ved utelufttemperatur over 22 °C. Overskridinga bør ikkje utgjere meir enn 50 timar per år i brukstida til lokala.

Bygget skal tilfredsstille krav til 5 poeng i BREEAM-NOR 2016, Hea 2 - inneluftkvalitet.

2 poeng i BREEAM-NOR 2016, Hea 3 - inneluftkvalitet.

Publisert: 13. des 2018, Sist endra: 31. Mai 2019