Tilbydar skal ha ei god strategisk tilnærming for ombruk av materialar og komponentar
- Prosjektering
- Materialar
Avansert
- Tildelingskriterium
Hovudføremål:
Motiv
Produksjon av byggjematerialar er årsaka til ein stor del av energi- og klimafotavtrykket knytt til bygg.
Argument
Relativt nye bygg vert ofte rivne, og mykje av desse bygningsdelane kan potensielt nyttast om att. Ombruk av materialar medverkar til sirkulærøkonomi og redusert energi- og klimautslepp frå materialproduksjon. I tillegg reduserer ombruk behovet for avfallshandsaming. Ombruk av byggjematerialar nær ny utbygging reduserer òg behovet for transport av avfall og byggjematerialar.
Utforming av tildelingskriterium:
I tilbodet skal leverandøren lage ein plan på høgst 3 sider med strategiar og tiltak, for å nytte om att materialar frå andre bygg som er rivne/rehabiliterte eller skal rivast/rehabiliterast. Type materialar og mengder som skal nyttast om att skal førast opp.
I evalueringa blir miljøvinsten og mengd ombruk vurdert.
Planen skal minst inkludere:
Strategiar og konkrete tiltak for korleis tilgjengelege ombruksmaterialar skal nyttast i prosjektet og bygget, med mengd og miljøvinst.
Dokumentasjon av tildelingskriteriet:
Tilbydar skal utarbeida ein strategisk plan på maksimalt 3 sider med strategiar og tiltak for ombruk av materialar. Planen skal minimum inkludere: strategiar og konkrete tiltak for korleis tilgjengelege ombruksmaterialar skal brukast i prosjektet og bygget, med mengde og miljøvinst.
Informasjon om tildelingskriteriet:
Dersom ein skal nytte dette som tildelingskriterium, tilrår vi at ein går tidleg ut i marknaden for å kommunisere at det er eit ønskje om å nytte materialar i om att prosjektet. Viss det er kjent at bygg i nærliggjande område skal rivast eller rehabiliterast bør ein opplyse om det i konkurransen.
Evaluering
Evalueringstabellen 4.61.1 skal leggjast ved konkurransegrunnlaget.
I evalueringa skal klimavinsten og mengda vurderast, basert på oppgitte mengder materialar og vurdering av i kor stor grad ombruk av byggjematerialane reduserer dei totale klimagassutsleppa. For mengd skal det vurderast kor mykje (m, m2, m3, tonn) ombruksmaterialar som vert nytta i prosjektet.
Evalueringa blir gjort ved at dei som evaluerer les planen frå tilbydaren og gir ein poengsum i tabell 4.61.1. Mengda blir vurdert ved å samanlikne mengdene frå dei ulike tilbydarane. Vurderinga gjer ein etter lineær metode der den som har størst mengd innan ein kategori byggjematerial (kolonne 1) får 5 poeng. Dersom ingen ombruk er planlagt gir det null poeng.
Byggjematerialar frå andre bygg som er rivne eller rehabiliterte og som det er mogleg å nytte om att: |
Miljøvinst, 1-5. 1 poeng låg klimavinst |
Mengd, 1-5 1 poeng låg mengd |
Poengsum = miljøvinst * mengd |
---|---|---|---|
Prefabrikkerte betongelement, tonn | 5 | 1 - 5 til dømes 4 | Til dømes 5*4 = 20 |
Stålbjelkar og stålprofilar, tonn | 4 | 1 - 5 til dømes 3 |
Til dømes 4*3 = 12 |
Konstruksjonstrevirke (limtre, massivtre, K-virke), m3 | 4 | 0 | |
Teglstein og andre fasadematerialar, tonn | 4 | 0 | |
Vindauge/glasruter, m2 | 4 | 0 | |
Ventilasjonskanalar, tonn | 3 | 0 | |
Bølgjeblikkplater, m2 | 3 | 0 | |
Trapper, tonn | 3 | 0 | |
Rekkverk, m | 2 | 0 | |
Påslag, hengsler, tonn | 1 | 0 | |
Total poengsum | Til dømes: 32 poeng |
Relaterte lenkjer:
Støttende dokument/referanser
Veileder fra SINTEF Byggforsk på ombruk (2012:
Denne rapporten består først av en generell del som beskriver det juridiske rammeverket og kritiske punkter som angår ombruk, med diskusjoner og forslag til løsninger på disse utfordringene. Deretter beskrives åtte ombruksscenarier for aktuelle materialgrupper, der utvalget av materialer er basert på muligheten for høy miljøgevinst. Kunnskapen som er presentert, er basert på tidligere arbeid og erfaringer fra de involverte partene.
Formålet med denne utredningen er å kartlegge og diskutere utfordringene for en videre utvikling på feltet. Kjernespørsmålet er hvilke produkter som totalt sett representerer de lavest hengende fruktene, og som dermed kan være viktig å satse på. Det er en målsetning at dette arbeidet på sikt kan bidra til å overkomme noen av hindringene vi har i dag, slik at ombruk kan bli et kostnadseffektivt og praktisk alternativ til nye materialer i markedet, både internt i oppgraderingsprosjekter og gjennom tredjepartsleverandør.