Tilgang på drivstoff

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp frå køyretøy, ved at drivstoff som er mindre tilgjengeleg, men meir klima- og miljøvenleg, og som ein har vorte tilbydd, blir levert gjennom heile kontraktsperioden.

Utforming av krav: 

Ved bruk av biodrivstoff (biodiesel, biogass og bioetanol) eller drivstoff tilpassa køyretøy på nullutsleppsteknologi (som elektrisitet og hydrogen), skal dokumentasjon på at dette er tilgjengeleg liggje føre seinast ved oppstart av kontrakt.

Dersom det anskaffas biodrivstoff, skal leverandøren gjennom kontraktsperioden levere dokumentasjon frå omsettar som viser at partiane med biodrivstoff som brukast på kontrakta oppfyller bærekraftskriteria i produktforskrifta, og at desse partia med drivstoff oppfyller krava til biodrivstoff som er stilt i kontrakta.

[Rapportering skal gjeres kvar 6. månad og skal vere oppdragsgjevar i handa seinast 15. dag i påfølgjande månad (for perioden 1.1-30.6, seinast 15. juli)].  

Dokumentasjon av kravet: 

Ved bruk av biodrivstoff

- Kopi av kontrakt med drivstoffomsettar seinast ved oppstart av kontrakt.

- Dokumentasjon frå omsettar som viser at partia med biodrivstoff som brukast på kontrakta oppfyller bærekraftskriteria i produktforskrifta, og at partia med drivstoff oppfyller krava til biodrivstoff som er stilt i kontrakta.

Ved bruk av drivstoff tilpassa køyretøy på nullutsleppsteknologi

- Beskriving av korleis drivstoffet skal gjeres tilgjengelig [maks. 1 A4-side]. 

Informasjon om kravet: 

Felles for ei rekkje biodrivstoff og drivstoff tilpassa køyretøy på nullutsleppsteknologi, er at dei ikkje er lett tilgjengelege i heile Noreg. Det er derfor lurt å kontraktfeste at drivstoff som blir tilbydd, faktisk kan leverast.

Kontraktar for innsamling av hushaldningsavfall blir ofte inngått om lag eitt år før oppstart av kontrakten. Det er derfor rikeleg med tid for leverandøren til å inngå ein kontrakt om drivstoffdistribusjon før oppstart av kontrakten, og til å dokumentere dette.

Omsettar av drivstoff skal kunne dokumentere oppfylling av bærekraftskriteria for sine partiar med biodrivstoff (sjå lenkje til produktforskrifta under "eksterne dokumenter").

Ved å inkludere ein dagbotsklausul i kontrakten kan ein utløyse denne dersom det skulle skje at leverandøren ved oppstart ikkje køyrer med avtalt drivstoff eller motorteknologi. Dagbota kan sjå slik ut:

Dagbot ved mangel: Dersom fastsette krav til miljøprestasjon eller forhold knytte til miljøprestasjonen ikkje blir overhaldne (som val av drivstoff og motorteknologi), og det ikkje kjem av force majeure eller forhold hos Kunden, ligg det føre ei forseinking frå Leverandøren si side som grunnlag for dagbot. Dagbota kjem på automatisk. Dagbota utgjer [0,15 % av samla vederlag for leveransen (kontraktssummen) ekskl. meirverdiavgift for kvar kalenderdag forseinkinga varer, men avgrensa til maksimalt 100 (hundre) kalenderdagar]. Så lenge dagbota går, kan Kunden ikkje heve avtalen. Denne tidsavgrensinga gjeld likevel ikkje dersom Leverandøren, eller nokon denne svarer for, har gjort seg skuldig i forsett eller grov aktløyse. Dersom berre ein del av den avtalte ytinga er forseinka, kan Leverandøren krevje ei nedsetting av dagbota som står i forhold til moglegheita Kunden har til å gjere seg nytte av den delen av ytinga som er levert.

Nyttig å kombinere med

  • Kravspesifikasjon Utslepp frå køyretøy
  • Tildelingskriterium Utslepp frå køyretøy

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 28. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019