Transport ved levering av PC-ar og skjermar til større byar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Miljøvenleg distribusjon

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftforureining og klimagassutslepp frå transport av IT-utstyr som skal leverast på stader der det er spesifikke mål for reduksjon av utslepp, som større byar.

Utforming av krav: 

Leverandør skal tilpasse køyretøy til omfang av leveransen.

Tunge køyretøy (Tillaten totalvekt over 3500 kg) som brukast ved levering av IT-utstyr til [oppdragsgjevar / bestillar sin(e)] lokasjon(ar) skal minimum tilfredsstille Euro VI standard. [Oppdragsgjevar legg ved liste over lokasjonar].

Lette køyretøy (Tillaten totalvekt lik eller under 3500 kg), som varebilar, som brukast ved levering av IT-utstyr til oppdragsgjevar sin lokasjon, skal ha nullutsleppsteknologi.

Kontraktsvilkåret omhandlar det siste transportleddet fram til lokasjon, såkalla «last mile».

Dokumentasjon av kravet: 

På førespurnad eller i regelbundne kontraktoppfølgingsmøte skal det leverast eit oversyn over køyretøy som brukast i kontrakten, med registreringsnummer.

Informasjon om kravet: 

Oppdragsgjevar bør i tillegg til kravet ta eige ansvar for å leggje til rette for miljøvenleg transport ved å planleggje og samkøyre bestillingane sine framføre å bestille kvar gong eit behov oppstår, som fører til meir transport. Vidare bør det setjast av tilstrekkeleg tid til levering av IT-utstyr. Svært kort leveringstid, til dømes før skolestart, kan føre til at IT-utstyr i verste fall må transporterast med fly over lange etappar, og resultatet blir langt høgre utslipp enn til dømes ved sjøtransport.

Luftforureining (særleg NOx) kan vere ei utfordring i dei store byane. Det er difor smart å stille strenge krav til utslepp frå køyretøy ved vareleveransar. Tunge køyretøy som tilfredsstillar Euro VI-standarden har monaleg lågare NOx-utslepp enn eldre Euro-klassar, og det kan difor vere lurt å utelukke desse køyretøya ved å stille krav til minimum Euro VI-køyretøy. Tunge køyretøy som er førstegangsregistrerte i Noreg frå 1. januar 2014 må tilfredsstille Euro VI-standarden, men mange transportørar har også eldre kjøretøy, og difor er kontraktsvilkåret relevant.

Euro-standarden regulerer utslepp av NOx og partiklar, men ikkje klimagassen CO2. Markedsdialogen vil avdekkje kva marknaden kan levere. I byområde der det er relevant kan ein stille krav til biogass eller andre biodrivstoff i dei tunge køyretøya som skal brukast, for også å redusere CO2-utslepp frå dei tunge køyretøya.

Det er førebels avgrensa med elektriske tunge køyretøy på marknaden, men det finst ei rekkje elektriske varebilar. I statens vegvesen sin nybilveljar finn ein ei oversikt over talet på modellar som er godkjende i Noreg (sjå «relaterte lenkjer»).

Difi har vurdert bruk av tildelingskriterium for transport, men ser det som meir føremålstenleg at oppdragsgjevarar som ønskjer dette, sjølv utarbeider eit tildelingskriterium som er tilpassa lokale føresetnader (lade- og fylleinfrastruktur etc.) og som er mogleg å følgje opp av oppdragsgjevar. Høve for at leverandør kan tilby lette køyretøy, og ikkje berre tungtransport ved leveransar, gjer til dømes at ein ikkje åleine kan vise til Difis drivstoffmatrise for tunge køyretøy i eit slikt kriterium.

Difi vil gjerne kome i kontakt med verksemder som ønskjer å bruke transport som krav eller tildelingskriterium. Ta kontakt med oss: kriterieveiviseren@difi.no

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 23. sep 2019, Sist endra: 25. sep 2019