Transportutgreiing

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Transport

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

For mange bygg gir transport til og frå bygget i driftsfasen meir klimagassutslepp enn utsleppa frå materialbruk frå oppføringa og energi i drift til saman. Det er viktig å greie ut om transportbehovet til og frå bygget uavhengig av kor bygget ligg.

Miljøomsyn er ein hovuddrivar for ny teknologi. Elektrifisering av køyretøy og syklar er det mest nærliggjande dømet, sjølvkøyrande køyretøy er eit anna. På lengre sikt vil kanskje dronar kunne spele ei rolle.

Argument

Siktemålet med kriteriet er å leggje til rette for miljøvenleg, sikker og rasjonell transport til og frå bygget. Transportteknologi og transportvanar er i utvikling, og krava i dette kriteriet hjelper først og fremst byggherren med å ta høgd for framtidig utvikling.

Ei transportutgreiing vil gi innsikt i kva transportbehov bygget vil skape, korleis det skal løysast på kort og lengre sikt, og kva bygningsmessige tiltak og prioriteringar det inneber.

Omfanget til transportutgreiinga må spegle storleiken, eigenskapane og plasseringa til bygget. Det overordna målet er at ein i utgreiinga tar høgde for å stimulere til miljøvenleg transport, og at ein er framtidsretta når det gjeld ny teknologi og nye transportformer.

Transport til og frå bygg må løysast med ei ny samansetjing av transportmiddel. Drivkrafta er først og fremst å redusere klimagassutslepp, men òg å medverke til betring av lokal luftkvalitet. Vidare er ressursbruk knytt til areal og vegar viktig.

Preferansane til publikum er i stor utvikling. Eit døme: I dei seinare åra har parkeringskapasitet / trafikkapasitet ved barneskular mange stader blitt overskriden fordi foreldre vel å køyre barna sine. Nokre stader har det ført til ønskje om å utvide P-kapasiteten, mellom anna for å vareta tryggleiken. Andre stader har ein valt det motsette, nemleg å «forby» foreldreparkering i nærleiken av skulane, og med det stimulere barn til å gå/sykle. Motivet er reduserte utslepp, betre helse og bygging av relasjonar mellom elevane.

Reduksjon av transportbehov:

I nokre tilfelle kan du når du planlegg nye bygg medverke til å redusere transportbehovet. Det kan t.d. skje ved hjelp av utvida lagerkapasitet (kantinevarer), kommunikasjonsløysingar som legg til rette for heimekontor, tilpassing av nærings- og servicebygg nær utvikling av nye buområde, osb.

Transportmiddel og -løysningar:

Så langt har kapasiteten for parkering av privatbilar vore eit viktig tema når ein planlegg bygg. Ofte tar ein utgangspunkt i ein kommunal P-faktor i planlegginga. Parkering av bilar vil framleis vere viktig, men parkeringskapasiteten heng saman med politiske prioriteringar. P-plassar for syklar og køyretøy utan utslepp med infrastruktur for lading/fylling kan vere gode alternativ til tradisjonelle p-plassar.

Transportfunksjonar:

For å redusere utsleppa frå transport, bør du allereie i planleggingsfasen stimulere til miljøvenleg transport, og prioritere dei ulike transportløysingane etter illustrasjonen under.

Utforming av krav: 

Det skal lagast ei utgreiing som vurderer transportbehovet til og frå bygget i driftsfasen. Utgreiinga skal gjerast i forprosjekt og detaljerast vidare i detaljprosjektet. Ho skal tilrå tiltak som reduserer klimagassutslepp frå transport. Relevante tiltak skal implementerast i prosjekteringa. Påverknad på kostnadar eller framdrift skal omtalast i utgreiinga.

Gonge: Ein kan leggje til rette for gåande med gangvegar og stiar som naturlege val. God tilrettelegging av inngangsområde for å unngå kryssande køyretøy. Tilstrekkeleg med garderobe-/dusjmoglegheiter, tørkemoglegheiter for klede. P-moglegheiter for transportvogner, barnevogner

Sykkel: Som for gonge. I tillegg bør du leggje til rette for sikker sykkelparkering, gjerne innelåst, under tak. Tilstrekkeleg parkering for sykkelvogner, transportsyklar. Lademoglegheiter for el-syklar.

Buss, sporvogn: Leggje til rette for av- og påstiging for buss. Undersøkje moglegheiter for å tilpasse kollektivtilbod (køyretrase, frekvens).

Bilar: P-kapasiteten bør leggjast til rette på grunnlag av prinsippa byggherren har, t.d. når det gjeld betaling, behovsprøving osb. Ettersom ein stadig større del av bilflåten er nullutslepp bør du leggje til rette for lade- og fyllemoglegheiter for ein vesentleg del.

Dei følgjande elementa skal som eit minstekrav vere til stades i utgreiinga:

Tema som skal utgreiast Skildring av temaet
a) Transportomfang Vurdere transportomfang, fordeling på gonge, sykkel, kollektiv, bil.
b) og c) Parkeringsplassar for bil og sykkel

Tal på og storleikar for bilar, syklar, el-syklar, transportsyklar, sykkelhengjarar. Punktet skal òg dekkje at syklar kan parkerast sikkert med omsyn til tjuveri og hærverk, og under tak, skjerma mot vind og regn. Ein skal undersøkje behovet for parkeringsplassar med ladekapasitet både for el-bilar og el-syklar og den naudsynte kapasiteten skal prosjekterast.

For større bygg, og for bustadbygg skal ein i utgreiinga leggje til rette for bildelingsordningar. T.d. kan ein del av P-kapasiteten reserverast for bilar som tar del i slike ordningar.

d) God tilrettelegging for gåande og syklande (inkludert kapasitet på garderobe/dusj), slik at flyten av personar til og frå bygget skjer på ein sikker og funksjonell måte.

Gode garderobefasilitetar (dusj, tørkemoglegheiter, m.m.) for gåande, syklistar og mosjonistar.

God logistisk flyt som sikrar at flyten av personar til og frå bygget skjer på ein sikker og funksjonell måte. Det inneber bl.a.:

  • At gåande/syklande ikkje bør krysse vegar og parkering for varetransport.

  • At kollektivtransport ikkje vert hindra av bilkøyring, varetransport

  • At P-område for syklar m.m. ligg føremålstenleg til i forhold til inngang/garderobe.

  • At samling og bortkøyring av avfall kan skje utan å komme i konflikt med omsyn til støy, gåande, syklande, leikeplassar, m.m.

At utrykkingskøyretøy har tilstrekkeleg område til å manøvrere på.

e) God logistisk flyt for levering av varer og tenester i driftsfasen

Levering av varer og tenester i driftsfasen (tiltak for å avgrense påverknaden frå desse). God logistisk flyt som sikrar at flyten av varer til og frå bygget skjer på ein sikker og funksjonell måte. Det inneber bl.a.:

f) Leggje til rette for ladeinfrastruktur ved alle p-plassar Moglegheit for å leggje til rette for ladeinfrastruktur (elektriske føringar, anten i form av røyr eller kanalar frå sikringsskap/fordelingstavler) til parkeringsplassar i eller knytt til bygningen, for framtidig auke i talet på ladeplassar. Det inneber òg korleis ein skal handtere ein eventuell effektproblematikk.

Informasjon om kravet: 

Transportbehovet til og frå bygget er viktig uavhengig av kvar bygget ligg. Ein skule i distrikta har andre transportbehov enn om skulen ligg i eit bysentrum.

Transport til og frå morgondagens bygg må løysast med ei ny samansetjing av transportmiddel. Drivkrafta er først og fremst å redusere klimagassutslepp, men òg å medverke til å betre den lokale luftkvaliteten. Vidare er ressursbruk knytt til areal (vegar) viktig.

Morgondagens transportløysingar veks fram med bakgrunn i ny teknologi, nye logistikksystem i samfunnet og med endra preferansar hjå publikum.

I nokre tilfelle kan ein gjennom planlegging av nye bygg medverke til å redusere transportbehovet. Det kan t.d. skje ved hjelp av utvida lagerkapasitet (kantinevarer), kommunikasjonsløysingar som legg til rette for heimekontor, tilpassing av nærings- og servicebygg nær utvikling av nye buområde, osb.

Transportmiddel og -løysingar:
Så langt har kapasiteten for parkering av privatbilar vore eit viktig tema når ein planlegg bygg. Ofte tar ein utgangspunkt i ein kommunal P-faktor i planlegginga. Parkering av bilar vil framleis vere viktig, men parkeringskapasiteten heng saman med politiske prioriteringar.

Logistisk flyt:
Flyten av personar og varer til og frå bygg bør skje på ein sikker og funksjonell måte. Det inneber bl.a.

Avansert

g) Undersøkje endringar i kollektivtilbod Undersøkje grunnlag for eventuelle endringar i kollektivtilbod, t.d. nye bussfrekvensar, trasear og haldeplassar. Som underlag for dialog med leverandørar av offentleg kommunikasjon.
h) Infrastruktur skal samkøyrast med kommunalt ansvar og utvikling. Infrastruktur (element som gang- og sykkelvegar, plassering av haldeplassar for kollektivtransport) skal diskuterast og samkøyrast med kommunalt ansvar og utvikling.

Informasjon om kravet: 

Transportbehovet til og frå bygget er viktig uavhengig av kvar bygget ligg. Ein skule i distrikta har andre transportbehov enn om skulen ligg i eit bysentrum.

Transport til og frå morgondagens bygg må løysast med ei ny samansetjing av transportmiddel. Drivkrafta er først og fremst å redusere klimagassutslepp, men òg å medverke til å betre den lokale luftkvaliteten. Vidare er ressursbruk knytt til areal (vegar) viktig.

Morgondagens transportløysingar veks fram med bakgrunn i ny teknologi, nye logistikksystem i samfunnet og med endra preferansar hjå publikum.

Miljøomsyn er ein hovuddrivar for ny teknologi. Elektrifisering av køyretøy og syklar er det mest nærliggjande dømet, sjølvkøyrande køyretøy er eit anna. På lengre sikt vil kanskje dronar kunne spele ei rolle.

Preferansane til publikum er i stor utvikling. Eit døme: I dei seinare åra har parkeringskapasitet / trafikkapasitet ved barneskular mange stader blitt overskriden fordi foreldre vel å køyre barna sine. Nokre stader har det ført til ønskje om å utvide P-kapasiteten, mellom anna for å vareta tryggleiken. Andre stader har ein valt det motsette, nemleg å «forby» foreldreparkering i nærleiken av skulane, og med det stimulere barn til å gå/sykle. Motivet er reduserte utslepp, betre helse og bygging av relasjonar mellom elevane.

Reduksjon av transportbehov:
I nokre tilfelle kan ein gjennom planlegging av nye bygg medverke til å redusere transportbehovet. Det kan t.d. skje ved hjelp av utvida lagerkapasitet (kantinevarer), kommunikasjonsløysingar som legg til rette for heimekontor, tilpassing av nærings- og servicebygg nær utvikling av nye buområde, osb.

Transportmiddel og -løysingar:
Så langt har kapasiteten for parkering av privatbilar vore eit viktig tema når ein planlegg bygg. Ofte tar ein utgangspunkt i ein kommunal P-faktor i planlegginga. Parkering av bilar vil framleis vere viktig, men parkeringskapasiteten heng saman med politiske prioriteringar.

Logistisk flyt:
Flyten av personar og varer til og frå bygg bør skje på ein sikker og funksjonell måte. Det inneber bl.a.

  • At gåande/syklande ikkje bør krysse vegar og parkering for varetransport.

  • At kollektivtransport ikkje vert hindra av bilkøyring, varetransport

  • At P-område for syklar m.m. ligg føremålstenleg til i forhold til inngang/garderobe.

  • At samling og bortkøyring av avfall kan skje utan å komme i konflikt med omsyn til støy, gåande, syklande, leikeplassar, m.m.

At utrykkingskøyretøy har tilstrekkeleg område til å manøvrere på.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Miljøprogram

Relatert kriterium

Miljøprogram brukes i tidligfase for å fastsette miljømålene for prosjektet.

Prosjekteringsgruppeleder (P) og arkitekt (A) sin egnethet for prosjektet

Relatert kriterium

For å sikre at transportutredningen blir fulgt opp kan en ha miljøkompetanse hos leverandøren som et kontraktskrav

Miljøledelse

Relatert kriterium

Miljøledelsessystem sikrer oppfølging av transportutredningen.

Miljøkompetanse hos tilbudt personell

Relatert kriterium

Kompetanse hos personell bidrar til at miljøkravene ivaretas.

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019