Unngå bruk av PVC

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme rene kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

PVC bidreg til utslepp av miljøskadelege stoff - særleg ved avhending av produktet, og du bør difor unngå dette. 

Utforming av krav: 

Bruk av PVC (polyvinylklorid) skal ikkje førekome i nokre av delane i produktet.

Det blir gjeve unntak for eventuelle elektriske kablar.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal levere eigenerklæring på at kravet er oppfylt.

Oppfylling av kravet kan også dokumenterast ved tilgang på gyldig sertifikat på at tilbyde møbelprodukt er tildelt sertifisering utvikla i samsvar med ISO 14024 (Type I eller Type II-lik) som oppfyller kravet. Til dømes Svanemerket.

Informasjon om kravet: 

Bruk av PVC er utbreitt, men på grunn av skadeleg miljøpåverknad (både utslepp ved produksjon, men særleg ved kassering av produktet) bør det stillast krav til at møbelprodukta ikkje skal innehalde PVC.

I nokre tilfelle kan oppdragsgjevarar ha behov for møbeltekstil som er belagde på grunn av strenge krav til reingjering av produkta. Dette kan gjelde møblar på institusjonar, som til dømes sitjemøblar på sjukeheimar. Det finst likevel andre typar belagde tekstil (/kunstskinn), som kan brukast i staden for PVC-tekstil. Innkjøpar bør ved slike anskaffingar, i forkant av konkurransen, undersøkje om marknaden kan levere ønska møblar med andre typar belagde tekstil. Om PVC må brukast, kan oppdragsgjevar etterspørje informasjon om materialet er resirkulerbart og stille krav om at tilbydar skal levere skildring av korleis det korrekt skal avhendast.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020