Unngå farlege stoff

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produkt med helse- og miljøfarlege stoff skal ikkje brukast dersom det finst betre alternativ for helse og miljø utan urimeleg kostnad eller ulempe (substitusjonsvurdering).

Val og vurdering av materiale og produkt i tidleg fase reduserer behovet for akutte substitusjonsvurderingar undervegs i prosjektet.

Det er derfor viktig å:

  • ha oversikt over kva produkt som kan innehalde stoff på prioritetslista
  • vurdere kva for stoff som kan substituerast
  • dokumentere kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort

Utforming av krav: 

Produkt som inneheld meir enn 0,1 vektprosent av stoff på nyaste versjon av prioritetslista frå Miljødirektoratet og Reach kandidatliste, skal ikkje nyttast.

Leverandøren skal:

  • ha oversikt over kva produkt som kan innehalde stoff på prioritetslista
  • vurdere kva for stoff som kan substituerast
  • dokumentere kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort

Dersom det er behov for å bruke produkt som inneheld ein høgare del av farlege stoff enn opplyst, skal dette avklarast med byggherre 3 veker på førehand.

Leverandøren må ha ein dedikert person som følgjer opp krav til innhald av helse og miljøfarlege stoff fortløpande.

Dokumentasjon av kravet: 

Prosjektet skal dokumentere fortløpande at det ikkje blir brukt produkt med meir enn 0,1 % vektprosent helse og miljøfarlege stoff, ref. nyaste versjon av prioritetslista frå Miljødirektoratet og Reach kandidatliste. Skal dokumenterast ved Cobuilder Collaborate, ProsjektDOK, NOBB eller tilsvarande system som gjev oversikt over kva for produkt som kan innehalde stoff på prioritetslista, vurderer kva for stoff som kan substituerast, dokumenterer kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort.

Informasjon om kravet: 

Krav til innhald av helse og miljøfarlege stoff er i stor grad gjevne av lovverket, inkludert kravet om substitusjonsplikt. Dette må følgjast opp gjennom byggjeprosjektet både med konkrete krav og vidare oppfølging under bygging. 

Dersom entreprenør nyttar databasesystem, bør byggherre vere knytt opp mot plattforma slik at det er mogleg å sjå kva produkt som kjem inn og om det er avvik samanlikna med produktkrav.  For produkt som ikkje finst i oppfølgingssystemet for prosjektet, må prosjektet gjere ei anna vurdering av om produktet inneheld stoff på prioritets- og kandidatlista som manuell vurdering av EPD eller tryggleiksdatablad frå leverandør. For å vareta substitusjonsplikta skal prosjektet dokumentere kva for produkt prosjektet har valt bort (subsidiert).

Styresmaktene si prioritetsliste er ei liste over kjemiske stoff og stoffgrupper som er rekna å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø. Prioritetslista er basert på dei ibuande eigenskapane i stoffa. Stoffa på lista er omfatta av eit nasjonalt mål om at bruk og utslepp kontinuerleg skal reduserast, med intensjon om å stanse utsleppa innan 2020.

Reach kandidatliste er ei liste over stoff med svært uønskte eigenskapar, såkalla Substances of Very High Consern (SVHC). Kandidatlista blir oppdatert to gonger i året. SVHC-stoff tilfredsstiller eitt eller fleire av desse kriteria:

  • Svært helseskadelege: kreftframkallande, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR-stoff, kategori 1A og 1B), som nemnde i Reach artikkel 57 a, b, c
  • Svært miljøskadelege: persistente, bioakkumulerande og giftige (PBT) eller veldig persistente og veldig bioakkumulerande (vPvB), som nemnde i Reach artikkel 57 d, e
  • Helse- og eller miljøskadeleg på anna grunnlag enn gruppene over, men som gjev tilsvarande grunn til bekymring (t.d. hormonforstyrrande og innandingsallergene stoff), som nemnde i Reach artikkel 57f

I tillegg finst det ei liste laga for BREEAM NOR systemet, såkalla teknisk sjekkliste A20.  Lista er basert på Miljødirektoratet sitt utval av «verstingstoff» og oversikta deira over kvar ein finn desse stoffa.  Dei fleste produkt med desse stoffa er også kategoriserte som farleg avfall. Avhending av farleg avfall når produkta skal skiftast ut, vil seie auka kostnader for eigar.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produkt med helse- og miljøfarlege stoff skal ikkje brukast dersom det finst betre alternativ for helse og miljø utan urimeleg kostnad eller ulempe (substitusjonsvurdering).

Val og vurdering av materiale og produkt i tidleg fase reduserer behovet for akutte substitusjonsvurderingar undervegs i prosjektet.

Det er derfor viktig å:

  • ha oversikt over kva produkt som kan innehalde stoff på prioritetslista
  • vurdere kva for stoff som kan substituerast
  • dokumentere kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort

Utforming av krav: 

Produkt som inneheld stoff på nyaste versjon av prioritetslista frå Miljødirektoratet og Reach kandidatliste, skal ikkje nyttast.

Leverandøren skal:

  • ha oversikt over kva produkt som inneheld stoff frå prioritetslista
  • vurdere kva for stoff som kan substituerast
  • dokumentere kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort

Dersom det er behov for å bruke produkt som inneheld farlege stoff som lista, skal dette avklarast med byggherre 3 veker på førehand.

Leverandør må ha ein person som følgjer opp prioritetslista og kandidatlista fortløpande.

Dokumentasjon av kravet: 

Prosjektet skal dokumentere at det ikkje blir brukt stoff på prioritetslista eller kandidatlista, det skal dokumenterast ved Cobuilder Collaborate, ProsjektDOK, NOBB eller tilsvarande system som gjev oversikt over kva for produkt som kan innehalde stoff på prioritetslista, vurderer kva for stoff som kan substituerast, dokumenterer kva vurderingar som er gjorde og kva for produkt som er valde bort.

Informasjon om kravet: 

Krav til innhald av helse og miljøfarlege stoff er i stor grad gjevne av lovverket, inkludert kravet om substitusjonsplikt. Dette må følgjast opp gjennom byggjeprosjektet både med konkrete krav og vidare oppfølging under bygging. 

Dersom entreprenør nyttar databasesystem, bør byggherre vere knytt opp mot plattforma slik at det er mogleg å sjå kva produkt som kjem inn og om det er avvik samanlikna med produktkrav.  For produkt som ikkje finst i oppfølgingssystemet for prosjektet, må prosjektet gjere ei anna vurdering av om produktet inneheld stoff på prioritets- og kandidatlista som manuell vurdering av EPD eller tryggleiksdatablad frå leverandør. For å vareta substitusjonsplikta skal prosjektet dokumentere kva for produkt prosjektet har valt bort (subsidiert).

Styresmaktene si prioritetsliste er ei liste over kjemiske stoff og stoffgrupper som er rekna å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø. Prioritetslista er basert på dei ibuande eigenskapane i stoffa. Stoffa på lista er omfatta av eit nasjonalt mål om at bruk og utslepp kontinuerleg skal reduserast, med intensjon om å stanse utsleppa innan 2020.

Reach kandidatliste er ei liste over stoff med svært uønskte eigenskapar, såkalla Substances of Very High Consern (SVHC). Kandidatlista blir oppdatert to gonger i året. SVHC-stoff tilfredsstiller eitt eller fleire av desse kriteria:

  • Svært helseskadelege: kreftframkallande, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR-stoff, kategori 1A og 1B), som nemnde i Reach artikkel 57 a, b, c
  • Svært miljøskadelege: persistente, bioakkumulerande og giftige (PBT) eller veldig persistente og veldig bioakkumulerande (vPvB), som nemnde i Reach artikkel 57 d, e
  • Helse- og eller miljøskadeleg på anna grunnlag enn gruppene over, men som gjev tilsvarande grunn til bekymring (t.d. hormonforstyrrande og innandingsallergene stoff), som nemnde i Reach artikkel 57f

I tillegg finst det ei liste laga for BREEAM NOR systemet, såkalla teknisk sjekkliste A20.  Lista er basert på Miljødirektoratet sitt utval av «verstingstoff» og oversikta deira over kvar ein finn desse stoffa.  Dei fleste produkt med desse stoffa er også kategoriserte som farleg avfall. Avhending av farleg avfall når produkta skal skiftast ut, vil seie auka kostnader for eigar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020