Unngå innhald av ikkje-fornybare mineralressursar

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Dei naturlege førekomstane av ikkje-fornybare mineralressursar globalt er avgrensa. Dersom den framtidige utvinninga av globale ressursar held fram med å auke med 3 % kvart år fram til 2050, for så å stabilisere seg, er dei tilgjengelege førekomstane av sink, kopar og krom uttømte i høvesvis i år 2100, 2150 og 2250. Innan 80 - 230 år reknar vi med at desse ressursane er lite tilgjengelege.

Argument

Ved å nytte byggjematerialar som inneheld sink, kopar og krom minst mogleg sparar vi på globale ikkje-fornybare mineralreservar.

Utforming av krav: 

Ein skal ikkje nytte utvendig kledning (fasade- og takplater) som inneheld meir enn 20 vektprosent sink, kopar eller krom.

Kravet skal dokumenterast oppfylt som ein del av forprosjektrapporten. I detaljprosjekt skal kravet vere ein del av dei relevante skildringane.

Avansert

Ein skal ikkje nytte røyr som inneheld meir enn 20 vektprosent sink, kopar eller krom.

Dersom det ikkje finst gode alternativ til koparfrie røyr skal dette dokumenterast, og ein skal søkje godkjenning for bruk frå byggherren.

Eventuelle avvik skal dokumenterast i eit rapporteringssystem for prosjektet.

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019