Unngå innhald av ikkje-fornybare mineralressursar

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Dei naturlege førekomstane av ikkje-fornybare mineralressursar globalt er avgrensa. Dersom den framtidige utvinninga av globale ressursar held fram med å auke med 3 % kvart år fram til 2050, for så å stabilisere seg, er dei tilgjengelege førekomstane av sink, kopar og krom uttømte i høvesvis i år 2100, 2150 og 2250. Innan 80 - 230 år reknar vi med at desse ressursane er lite tilgjengelege.

Argument

Ved å nytte byggjematerialar som inneheld sink, kopar og krom minst mogleg sparar vi på globale ikkje-fornybare mineralreservar.

Utforming av krav: 

Ein skal ikkje nytte utvendig kledning (fasade- og takplater) som inneheld meir enn 20 vektprosent sink, kopar eller krom.

Leverandøren skal gi ei erklæring på at det ikkje er nytta ikkje-godkjende produkt utover det som er skriftleg søkt om og akseptert av byggherren.

Avansert

Ein skal ikkje nytte røyr som inneheld meir enn 20 vektprosent sink, kopar eller krom.

Dersom det ikkje finst gode alternativ til koparfrie røyr skal dette dokumenterast, og ein skal søkje godkjenning for bruk frå prosjektleiaren. Eventuelle avvik skal dokumenterast i eit rapporteringssystem for prosjektet

Nyttar ein ikkje-godkjend utvendig kledning (fasade- og takplater), og røyr (nivå 2), som inneheld meir enn 20 vektprosent sink, kopar og krom, skal leverandøren betale eit gebyr per produkt og mengd som er nytta.

Dersom det ikkje finst gode alternativ til koparfrie røyr skal dette dokumenterast, og ein skal søkje godkjenning for bruk frå prosjektleiaren. Dokumentasjonen skal inn til byggherren fortløpande i avvikssystemet i prosjektet.

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019