Unngå skadelege kjemikaliar

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme rene kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Å unngå bruk av kjemikaliar som er skadelege for helse og/eller miljø, enten det er i produksjon, bruk eller avhending av møbelet.

Utforming av krav: 

Tilbydarar skal krysse av svar for kvart av krava og levere tabellen saman med tilbodet

Krav

Svar

Ja

Lovkrav: produktforskrifta - Dei tilbyde produkta oppfyller produktforskrifta (FOR-2004-06-01-922).

 

REACH kandidatliste1 - Produkta inneheld ikkje kjemikaliar som står på REACH kandidatliste (maksgrense 0,1 vekt% i dei inngåande stoffa i dei kjemiske produkta som er brukte i produksjon av møbelet).
(Sjå https://echa.europa.eu/candidate-list-table)

 

Kjemikaliar klassifiserte i CLP-forordninga2 – ingen kjemikaliar som er brukte i overflatebehandlinga til tre- eller metalldelar er klassifiserte som:

  • Kategori 1 eller 2 kreftframkallande, mutagene eller reproduksjonstoksiske
  • Akutt giftige ved orale, dermale eller inhalasjonsvegar (kategori 1 eller 2) eller til vassmiljø (kategori 1)
  • Kategori 1 for organtoksisk

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjon av krava:
Tilbydar skal stadfeste at kravet er oppfylt ved å krysse av svar [Ja] for kvart av krava, og leggje tabellen ved i tilbodet.

Krava skal også dokumenterast ved:

1REACH kandidatliste: Kravet skal kunne dokumenterast ved erklæring frå produsent eller materialdeklarasjon.

2Kjemikaliar klassifiserte i CLP-forordninga: Gje opp kva for ei overflatebehandling som er brukt i møbelproduktet (om noka), med tilhøyrande tryggleiksdatablad som tydeleg indikerer fare-klassifisering av innhaldet i overflatebehandlinga (om noka) og viser at ingen av følgjande klassifiseringar er til stades:

Fareklasse

Farekode

Kreftframkallande (kat. 1A, 1B eller 2)

H350, H350i, H351

Kjønnscellemutagenitet (kat. 1A, 1B eller 2)

H340, H341

Reproduksjonstoksisitet (kat. 1A, 1B eller 2)

H360, H360F, H360D, H360FD, H360Fd, H360Df, H361f, H361d, H361fd

Akutt giftig (kat. 1 eller 2)

H300, H310, H330

Spesifikk målorgantoksisitet (kat. 1)

H370, H372

Farleg for vassmiljøet

H410

Oppfylling av kravet til kjemikaliar klassifiserte i CLP-forordninga kan også dokumenterast ved tilgang på gyldig sertifikat på at tilbyde møbelprodukt er tildelt sertifisering utvikla i samsvar med ISO 14024 (Type I eller Type II-lik) som oppfyller kravet. Til dømes Svanemerket

Informasjon om kravet: 

For å forenkle evalueringsprosessen i konkurransen er krava utforma som avkryssingstabellar som tilbydarane skal leggje ved tilboda for å stadfeste at dei overheld krava, i tillegg til at dei skal kunne levere dokumentasjon som gjeven opp.

Oppdragsgjevar bør vurdere om kravet skal gjelde for heile sortimentet til leverandøren eller berre spesielt relevante produkt; til dømes volumprodukt som vi reknar med vil utgjere ein stor del av anskaffinga. Dette vil lette dokumentasjons- og evalueringsbyrda.

Å bruke desse krava bidreg til lågare miljøpåkjenning, men er særleg relevante for å unngå helseskadelege utslepp av kjemikaliar når møbelet er i bruk. Basistabellen er utforma for å kunne brukast i dei fleste anskaffingar, og krava dekkjer eit breitt spekter av kjemikaliar. Tabellen som er på avansert nivå, bør du særleg vurdere å bruke for anskaffingar der det er fokus på låge utslepp av kjemikaliar av omsyn til brukarane. Dette kan til dømes gjelde barnehagar.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Å unngå bruk av kjemikaliar som er skadelege for helse og/eller miljø, enten det er i produksjon, bruk eller avhending av møbelet.

Utforming av krav: 

Tilbydarar skal krysse av svar for kvart av krava og levere tabellen saman med tilbodet

Krav

Svar

Ja

 

Lovkrav: produktforskrifta - Dei tilbyde produkta oppfyller produktforskrifta (FOR-2004-06-01-922).

 

REACH kandidatliste1 - Produkta inneheld ikkje kjemikaliar som står på REACH kandidatliste (maksgrense 0,1 vekt% i dei inngåande stoffa i dei kjemiske produkta som er brukte i produksjon av møbelet).
(Sjå https://echa.europa.eu/candidate-list-table)

 

Kjemikaliar klassifiserte i CLP-forordninga2 – ingen kjemikaliar som er brukte i overflatebehandlinga til tre- eller metalldelar er klassifiserte som:

  • Kategori 1 eller 2 kreftframkallande, mutagene eller reproduksjonstoksiske
  • Akutt giftige ved orale, dermale eller inhalasjonsvegar (kategori 1 eller 2) eller til vassmiljø (kategori 1)
  • Kategori 1 for organtoksisk

 

Formaldehyd3 – formaldehydutsleppa frå alle trebaserte plater som er brukte i produktet, og som er produserte ved bruk av formaldehydbaserte harpiksar er lik eller mindre enn E1-grenseverdien for formaldehydutslepp som er definert i EN 13986 (dette svarar til 0,124 mg/3 per november 2019).

 

Overflatebehandlinga av tre- og metalldelar inneheld ikkje følgjande kjemikaliar i ein konsentrasjon over 0,01 vekt-%:4

Kadmium

 

Bly

 

Krom VI

 

Kvikksølv

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal erklære om krava er oppfylte ved å krysse av svar [Ja] for kvart av krava, og leggje tabellen ved i tilbodet.

Krava skal også dokumenterast ved:

1REACH kandidatliste: Kravet skal kunne dokumenterast ved erklæring frå produsent eller materialdeklarasjon.

2Kjemikaliar klassifiserte i CLP-forordninga: Gje opp kva for ei overflatebehandling som er brukt i møbelproduktet (om noka), med tilhøyrande tryggleiksdatablad som tydeleg indikerer fare-klassifisering av innhaldet i overflatebehandlinga (om noka) og viser at ingen av følgjande klassifiseringar er til stades:

Fareklasse

Farekode

Kreftframkallande (kat. 1A, 1B eller 2)

H350, H350i, H351

Kjønnscellemutagenitet (kat. 1A, 1B eller 2)

H340, H341

Reproduksjonstoksisitet (kat. 1A, 1B eller 2)

H360, H360F, H360D, H360FD, H360Fd, H360Df, H361f, H361d, H361fd

Akutt giftig (kat. 1 eller 2)

H300, H310, H330

Spesifikk målorgantoksisitet (kat. 1)

H370, H372

Farleg for vassmiljøet

H410

 

3Formaldehyd: Erklæring frå leverandøren(ane) av dei trebaserte platene som er brukte i tilbyde produkt som stadfestar at platene tilfredsstillar kravet ved bruk av testmetode EN 717-1 kammertest, EN 717-2 gassanalysemetode eller EN 120 perforatormetode.

4Kjemikaliar i overflatebehandling av tre- og metalldelar: Tryggleiksdatablad og/eller annan dokumentasjon som gjev opp at kadmium, bly, krom VI og kvikksølv ikkje er til stades i konsentrasjonar over 0,01 vekt%.

Oppfylling av krava i kravtabellen kan også dokumenterast ved tilgang på gyldig sertifikat på at tilbyde møbelprodukt er tildelt sertifisering utvikla i samsvar med ISO 14024 (Type I eller Type I-lik) som oppfyller kravet. Til dømes Svanemerket. Dokumentasjonskravet til REACH kandidatliste skal kunne leggjast fram uavhengig av om produkta til tilbydar er miljømerkte.

Informasjon om kravet: 

For å forenkle evalueringsprosessen i konkurransen er krava utforma som avkryssingstabellar som tilbydarane skal leggje ved tilboda for å stadfeste at dei overheld krava, i tillegg til at dei skal kunne levere dokumentasjon som gjeven opp.

Oppdragsgjevar bør vurdere om kravet skal gjelde for heile sortimentet til leverandøren eller berre spesielt relevante produkt; til dømes volumprodukt som vi reknar med vil utgjere ein stor del av anskaffinga. Dette vil lette dokumentasjons- og evalueringsbyrda.

Å bruke desse krava bidreg til lågare miljøpåkjenning, men er særleg relevante for å unngå helseskadelege utslepp av kjemikaliar når møbelet er i bruk. Basistabellen er utforma for å kunne brukast i dei fleste anskaffingar, og krava dekkjer eit breitt spekter av kjemikaliar. Tabellen som er på avansert nivå, bør du særleg vurdere å bruke for anskaffingar der det er fokus på låge utslepp av kjemikaliar av omsyn til brukarane. Dette kan til dømes gjelde barnehagar.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 30. nov 2020