Unngå spreiing av framande artar

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Drift og vedlikehald av infrastruktur og anleggsarbeid er utfordrande med omsyn til å hindre vidare spreiing av framande skadelege artar. For å hindre spreiing kan du nedkjempe førekomst (mål om å utrydde), avgrense førekomst eller inga behandling.

Framande artar fortrengjer ofte lokalt artsmangfald og er difor eit stor trugsmål mot norsk natur. Artar som er vurderte til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko mot norsk naturmangfald, er registrerte i Framandartslista. Mange av dei framande artane som skal nedkjempast, spreier seg ofte til nye område under masseflytting eller ved utslepp av ballastvatn frå andre område.

Ved å stille krav til registrering, vurdering og mogleg fjerning av framande artar vil du sikre uønskt spreiing av framande artar og dermed også varetaking av verdifullt naturmangfald. God massehandtering og reingjering av utstyr reduserer risikoen for å innføre framande artar.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal prosjekterast slik at det minimerer belastning på biomangfald i utføringa. Spreiing av framande artar skal forhindrast ved å unngå spreiing av jord og plantemateriale eller utslepp av ballastvatn. Leverandør skal undersøkje om framande artar eksisterer på området og lage ein rapport som er ferdigstilt i god tid før prosjekteringa av anlegget er ferdigstilt, slik at utbyggjar har høve til å vareta tilrådingane i rapporten.

  • Leverandøren skal undersøkje om massar som skal tilførast til planområdet er reine, slik at han ikkje tilfører framande artar til området.
  • Leverandøren skal behandle massar som kan innehalde frø eller andre spreiingsdyktige delar av framande artar, slik at han hindrar spreiing.
  • Leverandøren skal skildre tiltak for å hindre spreiing av massar under transport.
  • Leverandøren skal skildre lokasjon for reingjering av materiell som har vore i kontakt med massar som kan innehalde frø frå framande artar eller plante/-jordsjukdomar.

Dokumentasjon av kravet: 

Rapporten om framande artar skal minimum innehalde:

  • kartfesta registrering (SOSI) av dei einskilde artane
  • tabell med namn og kort skildring av artane
  • stadfesting på at artane blir registrerte i artskart
  • plan over kva for artar det er aktuelt å nedkjempe og framlegg til korleis fjerne desse
  • artane skal registrerast i https://www.artsobservasjoner.no/

Informasjon om kravet: 

Sjølv om lovverket regulerer framande artar, er det ut frå erfaring mangelfull oppfølging av dette. Kravet gjer det tydeleg kva tiltak leverandøren skal utføre, og kva du som oppdragsgjevar bør følgje opp.

For anleggsprosjekt nær verdifulle naturtypar og sårbar natur er dette kravet særleg relevant. Synfaringar bør derfor gjerast så nært opp til utbyggingstidspunkt som mogleg. Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i karttenesta naturbase frå Miljødirektoratet kan vise kva for nokre artar som er naturlege for staden. For å fange opp flest mogleg artar bør det gjennomførast minst to synfaringar i tidsrommet mai–september.

Du bør også vurdere om det er lokale handlingsplanar som legg føringar for bevaring av naturmangfaldet i området.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020