Unngå spreiing av framande artar

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Aktivitetar knytte til drift og vedlikehald av infrastruktur og anleggsarbeid er utfordrande med omsyn til å hindre vidare spreiing av framande skadelege artar. For å hindre spreiing kan du nedkjempe førekomst (med mål om å utrydde), avgrense førekomst eller inga behandling.

Framande artar fortrengjer ofte lokalt artsmangfald og er difor eit stor trugsmål mot norsk natur. Artar som er vurderte til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko mot norsk naturmangfald, er registrerte i Framandartslista. Mange av dei framande artane som skal nedkjempast, spreier seg ofte til nye område under masseflytting.

Ved å stille krav til registrering, vurdering og mogleg fjerning av framande artar vil du sikre uønskt spreiing av framande artar og dermed også varetaking av verdifullt naturmangfald. God massehandtering og reingjering av utstyr reduserer risikoen for å innføre framande artar.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal utførast på ein måte som minimerer belastning på biomangfald. Spreiing av framande artar skal forhindrast ved å unngå spreiing av jord og plantemateriale. Leverandør skal undersøkje om framande artar eksisterer på området og lage ein rapport som er ferdigstilt i god tid før prosjekteringa av anlegget er ferdigstilt, slik at utbyggjar har høve til å vareta tilrådingane i rapporten.

  • Leverandøren skal behandle massar som kan innehalde frø eller andre spreiingsdyktige delar av framande artar, slik at han hindrar spreiing.
  • Leverandøren skal dokumentere at tilførte massar til planområdet er reine, slik at framande artar ikkje blir tilførte området.
  • Tiltak skal gjennomførast for å hindre spreiing av massar under transport.
  • Maskiner og utstyr skal vere reine når dei kjem til anleggsplassen.
  • Reingjering av materiell som har vore i kontakt med massar som kan innehalde frø frå framande artar eller plante/-jordsjukdomar, skal skje på stader der avlaupsvatnet blir reinsa. Vasking av materiell som har vore i kontakt med uønskte artar, skal skje før flytting til andre delar av området.
  • Setje i verk tiltak for å hindre at framande artar ikkje etablerer seg på og/eller spreier seg frå riggområde i anleggsperioden.

Dersom det under anleggsarbeida blir observert framande, skadelege artar (t.d. parkslirekne, kjempebjørnekjeks, hagelupinar, kanadagullris, russekål, kjempespringfrø o.l.), skal det registrerast i avvikssystemet og tiltak skal setjast i verk omgåande.

Leverandør skal dokumentere fjerning av framande artar:

  • gjennom fotografi
  • ei skildring av frakt og destruering, t.d. gjennom kvittering frå godkjend deponi

Dokumentasjon av kravet: 

Rapporten om framande artar skal minimum innehalde:

  • kartfesta registrering (SOSI) av dei einskilde artane
  • tabell med namn og kort skildring av artane
  • stadfesting på at artane blir registrerte i artskart
  • plan over kva for artar det er aktuelt å nedkjempe og framlegg til korleis fjerne desse
  • artane skal registrerast i artsobservasjonar

Informasjon om kravet: 

Sjølv om lovverket regulerer framande artar, er overhaldinga at dette ut frå erfaring, mangelfull. Kravet gjer det tydeleg kva tiltak leverandøren skal utføre, og kva du som oppdragsgjevar bør følgje opp.

For framande artar er kravet særleg aktuelt ved anleggsprosjekt nær verdifulle naturtypar og sårbar natur, og mindre aktuelt i tette urbane strok. Synfaringar bør derfor gjerast så nært opp til utbyggingstidspunkt som mogleg. For å fange opp flest mogleg artar bør det gjennomførast minst to synfaringar i tidsrommet mai–september. Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i karttenesta naturbase frå Miljødirektoratet kan vise kva for nokre artar som er naturlege for staden. Nokre år etter anleggsarbeidet er avslutta, bør du kontrollere området for framande artar og vurdere om tiltak for fjerning må setjast i verk.

Du bør også vurdere om det er lokale handlingsplanar som legg føringar for bevaring av naturmangfaldet i området.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Aktivitetar knytte til drift og vedlikehald av infrastruktur og anleggsarbeid er utfordrande med omsyn til å hindre vidare spreiing av framande skadelege artar. For å hindre spreiing kan du nedkjempe førekomst (med mål om å utrydde), avgrense førekomst eller inga behandling.

Framande artar fortrengjer ofte lokalt artsmangfald og er difor eit stor trugsmål mot norsk natur. Artar som er vurderte til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko mot norsk naturmangfald, er registrerte i Framandartslista. Mange av dei framande artane som skal nedkjempast, spreier seg ofte til nye område under masseflytting.

Ved å stille krav til registrering, vurdering og mogleg fjerning av framande artar vil du sikre uønskt spreiing av framande artar og dermed også varetaking av verdifullt naturmangfald. God massehandtering og reingjering av utstyr reduserer risikoen for å innføre framande artar.

Utforming av krav: 

Anleggsarbeidet skal utførast på ein måte som minimerer belastning på biomangfald. Spreiing av framande artar skal forhindrast ved å unngå spreiing av jord og plantemateriale. Leverandør skal undersøkje om framande artar eksisterer på området og lage ein rapport som er ferdigstilt i god tid før prosjekteringa av anlegget er ferdigstilt, slik at utbyggjar har høve til å vareta tilrådingane i rapporten.

  • Leverandøren skal behandle massar som kan innehalde frø eller andre spreiingsdyktige delar av framande artar, slik at han hindrar spreiing.
  • Leverandøren skal dokumentere at tilførte massar til planområdet er reine, slik at framande artar ikkje blir tilførte området.
  • Tiltak skal gjennomførast for å hindre spreiing av massar under transport.
  • Maskiner og utstyr skal vere reine når dei kjem til anleggsplassen.
  • Reingjering av materiell som har vore i kontakt med massar som kan innehalde frø frå framande artar eller plante/-jordsjukdomar, skal skje på stader der avlaupsvatnet blir reinsa. Vasking av materiell som har vore i kontakt med uønskte artar, skal skje før flytting til andre delar av området.
  • Setje i verk tiltak for å hindre at framande artar ikkje etablerer seg på og/eller spreier seg frå riggområde i anleggsperioden.
  • Det skal vurderast tiltak for å erstatte tapte naturverdiar i nærleiken av anlegget.

Dersom det under anleggsarbeida blir observert framande, skadelege artar (t.d. parkslirekne, kjempebjørnekjeks, hagelupinar, kanadagullris, russekål, kjempespringfrø o.l.), skal det registrerast i gjeldande avvikssystem og setjast i verk tiltak.

Rapport frå leverandør skal vere ferdigstilt i god tid før prosjektplanen blir ferdigstilt, slik at utbyggjar har høve til å vareta tilrådingane i rapporten.

Leverandør skal dokumentere fjerning av framande artar:

  • gjennom fotografi
  • ei skildring av frakt og destruering, t.d. gjennom kvittering frå godkjend deponi

Dokumentasjon av kravet: 

Rapporten om framande artar skal minimum innehalde:

  • kartfesta registrering (SOSI) av dei einskilde artane
  • tabell med namn og kort skildring av artane
  • stadfesting på at artane blir registrerte i artskart
  • plan over kva for artar det er aktuelt å nedkjempe og framlegg til korleis fjerne desse
  • artane skal registrerast i artsobservasjonar

Informasjon om kravet: 

Sjølv om lovverket regulerer framande artar, er overhaldinga at dette ut frå erfaring, mangelfull. Kravet gjer det tydeleg kva tiltak leverandøren skal utføre, og kva du som oppdragsgjevar bør følgje opp.

For framande artar er kravet særleg aktuelt ved anleggsprosjekt nær verdifulle naturtypar og sårbar natur, og mindre aktuelt i tette urbane strok. Synfaringar bør derfor gjerast så nært opp til utbyggingstidspunkt som mogleg. For å fange opp flest mogleg artar bør det gjennomførast minst to synfaringar i tidsrommet mai–september. Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i karttenesta naturbase frå Miljødirektoratet kan vise kva for nokre artar som er naturlege for staden. Nokre år etter anleggsarbeidet er avslutta, bør du kontrollere området for framande artar og vurdere om tiltak for fjerning må setjast i verk.

Du bør også vurdere om det er lokale handlingsplanar som legg føringar for bevaring av naturmangfaldet i området.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020