Unngå tropisk og ikkje-berekraftig trevirke

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Minst dobbelt så mykje norsk skog må vernast om vi skal nå målet Stortinget har. Det er særleg lite verna skog i låglandet i Sør-Noreg og på produktiv mark. Det er dessutan behov for auka vern av fleire skogtypar som er viktige for det biologiske mangfaldet. Ifølgje Regnskogfondet er regnskogane dei mest artsrike økosystema på landjorda, dei dekkjer rundt 6 prosent av jordoverflata, men over halvparten av artane i verda er representerte her.

Argument

Ved å berre nytte trevirke frå dokumentert berekraftig skogsdrift, kan ein medverke til å ta vare på verdifulle miljøaspekt i norske skogar.

Ved å unngå å nytte jomfrueleg tropisk trevirke i offentlege anskaffingar, medverkar ein til at Noreg ikkje støttar avskoging av tropisk regnskog ved bruk av trevirke.

 

Utforming av krav: 

Det er berre tillate å nytte trevirke frå dokumentert berekraftig skogsdrift, sertifisert etter PEFC- eller FSC-standardane.

Bruk av tropisk trevirke skal ikkje skje. Det gjeld òg miljøsertifisert tropisk tømmer.
Dokumentasjon på bruk av sertifisert berekraftig trevirke og fråvær av tropisk trevirke skal leverast av leverandøren:

  • Forprosjekt: Skal stadfestast som ein del av forprosjektrapporten

  • Detaljprosjekt: Kravet skal vere ein del av dei relevante skildringane.

 

Dokumentasjon frå leverandøren på at det ikkje er nytta tropisk trevirke, regnskog og/eller freda skog i bygget og på byggjeplassen skal leverast når bygget blir overlevert / er ferdigstilt.

 

Informasjon om kravet: 

Sjølv om det ikkje kjem fram i produktdokumentasjonen kan det vere ein risiko for at produkt framleis inneheld tropisk trevirke.

Tropisk tømmer er tømmer laga av tre som veks i tropiske regnskogar eller tropiske/ subtropiske fuktige skogar og blir hausta der. Typiske døme på viktige typar innan produksjon av byggevarer inkluderer blant anna:

  • Mahogni

  • Teak

  • Ibenholt

  • Palisander

  • Narra

  • Chloroxylon

Regnskogfondet har laga ei liste basert på CITES-lista.

 

Dokumentert gjenbruk av tropisk tømmer kan bli godkjent i dei tilfella det er beskrive og attestert kor trevirket kjem frå.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019