Ureining frå anleggsmaskiner og utstyr

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Rigg og drift
  • Utslepp frå byggjeplass

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Ureining av olje og kjemikal på anleggsplass kan føre til alvorlege skadeverknader på vatn og grunn. Det førekjem ofte akutt ureining frå uforsvarleg lagring, fylling og lekkasjar. Det er derfor viktig å planleggje for eigna areal for oppbevaring av kjemikal og drivstoff og for vedlikehald av maskinpark.

Utforming av krav: 

Lagring av olje, drivstoff og kjemikal skal vere merkt og sikra mot lekkasjar ved at det blir bygd inn ein tryggleik som tek hand om 100 % av lagervolumet ved søl, brot eller lekkasje.

Lagerplass og plassering av tankar skal ikkje utgjere ein risiko for nærliggjande vasskjelder eller resipientar. Lekkasje og søl frå køyretøy, anleggsmaskiner og anna utstyr skal ikkje førekome. Det skal vere oljeabsorberande middel i alle anleggsmaskiner og tunge køyretøy som blir nytta.

Ved ulykker skal tiltak setjast i verk omgåande og oppdragsgjevar varslast.

Det skal etablerast system og rutinar for å sikre at fylling og tapping av drivstoff og olje skjer på tett dekke og på ein sikker måte. Maskiner og utstyr skal vere i god stand og reine når dei kjem til anleggsplassen.

Vedlikehald av maskiner skal skje slik at alt søl frå kjemikal, drivstoff og olje blir samla opp og handtert etter avfallsforskrifta. Drivstoffylling frå tankbil skal berre skje på tilvist fyllestasjon.

Det skal leverast beredskapsplan med tiltak for å redusere konsekvensar ved eventuelle uhell. 

Dokumentasjon av kravet: 

Etter at arbeida er fullførte, skal det dokumenterast med analysar av jordprøvar, at grunnen på riggareal er rein, dvs. ikkje inneheld konsentrasjonar av miljøgifter over normverdi.

Ureina massar leverte til godkjend deponi skal dokumenterast.

Informasjon om kravet: 

Kravet er relevant for alle anleggsplassar der det blir nytta olje, drivstoff og kjemikal, og byggjer oppunder styresmaktkrav. 

Det bør lagast oversikt over stoff som blir nytta på anlegget og for kva for nokre det finst substitutt som ikkje er helse- og miljøskadelege (substitusjonsplikta).

Kravet tek utgangspunkt i ein ryddig og strategisk planlagd anleggsplass. For å vareta kravet må det setjast av passande areal for handtering av olje, drivstoff og kjemikal.

Alle som handterer olje, drivstoff og kjemikal på anleggsplassen, skal ha kunnskap om aktuelt regelverk, kva for stoff som skal handterast og om teknisk utføring og drift av utstyr og anlegg.

Tema skal inkluderast i miljørisikovurdering, dersom dette blir gjennomført for prosjektet.

Krava skal inkluderast i kontrakt med leverandøren.

Dersom du bruker eit digitalt samhandlingsverktøy som prosjekthotell e.l. kan du be entreprenør om å leggje beredskapsplanen inn i dette.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020