Utskifting av kritiske delar i nettbrett
- Nettbrett
- Forlenge levetid
Basis
- Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)
Hovudføremål:
Føremålet er å oppnå lang levetid på IT-utstyr ved å gjere kritiske og utskiftbare delar tilgjengeleg og å gje oppdragsgjevaren instruksjonar på korleis dei kan bli skifta ut.
Utforming av krav:
- Leverandør eller underleverandører til denne (produsentar) skal tilby steg-for-steg-instruksjoner som beskriv korleis kritiske delar, dvs. delar som inngår i tabellen nedanfor, kan bli bytta ut. Tabellen under er henta frå TCO Certified generasjon 8 punkt 6.2 Replaceable components.
- Instruksjonere skal vere allment tilgjengelege på internett, med gratis tilgang.
- Delane som er gjevne opp i tabellen nedanfor skal minimum
- vere allment tilgjengeleg for kjøp (dei må ikkje vere identiske så lenge dei gjev minimum tilsvarande yting)
eller
- kunne bli erstatta gjennom garanti- eller vedlikeholdsavtale (avhengig av hvilke kritisk del det gjeld)
Kravet gjeld i 3 år etter levering av IT-utstyret.
Kritiske delar i tabellen som ikkje inngår i IT-utstyret som anskaffa, treng ikkje gjerast tilgjengeleg. CPU (prosessor) som er limt fast, omfattast ikkje av kravet.
IT-utstyr | Delar (norsk) | Delar (engelsk) |
---|---|---|
Nettbrett | Batteri Display Panel/skjerm-montering Ekstern/intern straumforsyning | Battery Display Panel/Display assembly External/Internal PSU |
Dokumentasjon av kravet:
Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast. Seinast ved oppstart av kontrakten skal leverandøren vidareformidle nettsider med instruksjonar som viser korleis delane kan erstattast i IT-utstyret
Informasjon om kravet:
Det å forlenge levetida til IT-utstyr er den mest effektive måten å redusere miljøpåverknaden på. Delar som ofte slitast ut eller blir utdaterte kan avgrense IT-utstyret si totale levetid om dei ikkje kan bytast ut. Ved å gjere desse kritiske utskiftbare delane tilgjenglege og gje brukaren klare instruksjonar om korleis ein byter dei, kan IT-eininga få lengre levetid.
Kravet er del av TCO Certified generasjon 8 (6.2 Replaceable components). Målet er at min. 30 prosent av IT-utstyr på den internasjonale marknaden skal klare krava i sertifiseringa når ein ny generasjon vert lansert, så det fins fleire produsentar som oppfyll krava, og at man oppnår konkurranse i anskaffinga.
TCO Certifieds product finder (sjå «Relaterte lenkjer») viser kor mange produkt som er sertifisert av TCO Certified innen produktkategoriar som PC-ar, skjermer og nettbrett, men IT-utstyr treng ikkje å vere sertifisert av TCO Certified for å tilfredsstille kravet.
Når TCO Certified og andre tilsvarande type 1 miljømerkeordninger ikke blir foreslått som dokumentasjon på dette kravet, er det fordi for eks. TCO Certified krev at kravet skal oppfyllast i levetida på TCO-sertifikatet de utsteder, mens Difi krev at kravet skal gjelde 3 år fra og med levering av IT-utstyret til den offentlige oppdragsgjevaren.