Utskifting til meir miljøvenleg køyretøy

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med kontraktsvilkåret er å leggje til rette for lågast mogleg luftureining og utslepp av klimagassar gjennom kontraktsperioden. Vilkåret regulerer under kva omstende ein i ein kontraktsperiode har lov og høve til å skifte ut køyretøy for å oppnå meir miljøvenleg avfallsinnsamling. 

Utforming av krav: 

Leverandøren sin rett til utskifting av køyretøy
Leverandøren kan vederlagsfritt skifte ut til meir miljøvenleg køyretøy under føresetnad av at det nye køyretøyet oppfyller føremålet med anskaffinga, med avtalte krav til tenesta og ikkje endrar kontrakten vesentleg. Med «meir miljøvenleg» meiner vi køyretøy som nyttar ein teknologi med lågare miljø- og klimagassutslepp enn noverande køyretøy [jamfør Difi sin evalueringstabell (sjå tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy)].

Leverandøren si varslingsplikt
Leverandøren skal varsle oppdragsgjevar før køyretøy blir skifta ut. Oppdragsgjevar kan ikkje nekte med mindre sakleg grunn. Leverandøren skal varsle oppdragsgjevar om alle forsikringssaker på køyretøy og utstyr som blir nytta i kontrakten før det blir teke skritt til reparasjonar og utskiftingar.

Oppdragsgjevar sin rett til dialog om utskifting av køyretøy
Oppdragsgjevar kan gå i dialog med leverandøren om skifte til meir miljøvenleg køyretøy der det eksisterande køyretøyet havarerer eller må reparerast.

Kostnaden skal fordelast på oppdragsgjevar og leverandør og for oppdragsgjevar utgjere ein forholdsmessig del av pristillegget for nytt køyretøy der den resterande delen av avtaleperioden utan opsjonar blir lagd til grunn.

Pristillegget (totalt for alle potensielle utskiftingar) skal ikkje utgjere vesentlege kontraktsendringar. Pristillegget skal ikkje overstige gjeldande EØS-terskelverdi og skal ikkje overstige 10 prosent av den opphavlege kontraktsverdien (jf. anskaffingsforskrifta §11-2 og §28-1).

Pristillegget det blir forhandla om, skal reflektere partane sine fordelar og ulemper ved utskifting til eit køyretøy med låg- eller nullutsleppsteknologi, knytt til innkjøpspris og drifts- og vedlikehaldskostnader (livssykluskostnader). Det er ein føresetnad at berre kostnader knytte til den delen av køyretøyet si levetid som er relevant for kontrakten, er del av forhandlingane (til dømes berre den delen av innkjøpsprisen dersom nedskriving skjer i kontraktsperioden og ikkje dei åra der køyretøyet blir nytta i anna drift, og berre drifts- og vedlikehaldskostnader for dei åra som køyretøyet blir nytta i inneverande kontrakt). Alle beløp skal vere fråtrekte meirverdiavgift.

[Pristillegget som forhandlingane skal dreie seg om, skal gjelde: Pristillegg = (Innkjøpspris nytt køyretøy – forsikringssum som dekkjer erstatning for gamalt køyretøy) + (driftskostnader nytt køyretøy– driftskostnader gamalt køyretøy) + (vedlikehaldskostnader nytt køyretøy – vedlikehaldskostnader gamalt køyretøy)].

Dokumentasjon av kravet: 

Ingen dokumentasjon er nødvendig.  

Informasjon om kravet: 

Ein kontraktsperiode for innsamling av hushaldningsavfall varer typisk i fem år rekna frå iverksetjingstidspunkt for innsamlinga, og oppdragsgjevar har einsidig rett til å forlengje kontrakten med eitt år pluss eitt år (5+1+1) (sjå NS 9430:2013). Ein kan med andre ord forvente ei stor utvikling innanfor motorteknologi og drivstoff i løpet av ein kontraktsperiode. Det er derfor føremålstenleg å leggje til rette for at køyretøy potensielt kan bytast ut til meir klima- og miljøvenlege variantar, dersom situasjonar som definerte i kravformuleringa, oppstår.

Nyttig å kombinere med

  • Kravspesifikasjon Utslepp frå køyretøy
  • Tildelingskriterium Utslepp frå køyretøy

  

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 28. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019