Utslepp av karbondioksid (CO2)

Grupper: 
  • Varebil
Kategori: 
  • Karbondioksid (CO₂)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å sikre at det stillast teknisk krav til CO2-utslepp som er noko strengare enn noverande lovkrav.

 

Utforming av tildelingskriterium: 

Tilbydde varebilar som slepp ut mindre enn 150 g CO2/km ved blanda køyring får poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best.

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

 

 

Informasjon om tildelingskriteriet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar.

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy er oppnådd med ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen (NEDC, New European Driving Cycle) som vert brukt består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gir utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gir verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set respektive 120 eller 175 g CO2/km som krav.

Effektmålaren til Difi kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Kravet til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium på energiforbruk.

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å sikre at det stillast teknisk krav til CO2-utslepp som er noko strengare enn noverande lovkrav.

Utforming av tildelingskriterium: 

Tilbydde varebilar som slepp ut mindre enn 125 g CO2/km ved blanda køyring får poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best.

 

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

 CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

 

Informasjon om tildelingskriteriet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar.

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy er oppnådd med ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen (NEDC, New European Driving Cycle) som vert brukt består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gir utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gir verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set respektive 120 eller 175 g CO2/km som krav.

Effektmålaren til Difi kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Kravet til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium på energiforbruk.

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019