Utslepp av karbondioksid (CO2)

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Karbondioksid (CO₂)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere drivstoff-forbruk et og dermed redusere mengda CO2 som stammar frå eksosutslepp.

 

 

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal ved blanda køyring sleppe ut maksimalt 80 g CO2/km.

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesens «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

 

 

 

 

Informasjon om kravet: 

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy er oppnådd med ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen (NEDC, New European Driving Cycle) som vert brukt består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gir utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gir verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

Krav og kriterium til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium på energieffektivitet.

Bruk Vegvesenets verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

Bruk merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» for informasjon om CO2- og NOX-utslepp, samt energiforbruk.

Yting som er betre enn kravet kan brukast som tildelingskriterium. "Utslepp av karbondioksid (CO2)", Basis, i tillegg til denne kravspesifikasjonen.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere drivstoff-forbruket og dermed redusere mengda CO2 som stammar frå eksosutslepp.

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal sleppe ut 0 g CO2/km.

Køyretøyet skal altså vere ein nullutsleppsbil (el-, hydrogen- eller biogassbil).

 

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesens «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

Informasjon om kravet: 

Bruk av kravet føreset at innkjøpar gjer ein marknadsanalyse i forkant av anskaffinga for å sikre eit tilstrekkeleg tal på tilbod. Til dømes kan dette gjerast gjennom dialog med marknaden eller innovativ anskaffingsmetodikk. For å sikre reell konkurranse, må det vere mange nok køyretøy på marknaden som varetar dei tekniske krava.

Køyretøy som oppfyller dette kravet inkluderer elbilar, hydrogenbilar og biogassbilar.

Bruk av kriteriet føreset at køyretøya (først og fremst elbilar) oppfyller behova til brukaren. Til dømes er det viktig å vurdere behov for rekkevidde, tilhengarfeste og firehjulstrekk. I tillegg må nødvendig fylle- og ladeinfrastruktur vere tilgjengeleg for at kriteriet skal kunne brukast.

Krav og kriterium til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium på energieffektivitet.

Bruk Vegvesenets verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

Bruk merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» for informasjon om CO2- og NOX-utslepp, samt energiforbruk.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019