Utslepp av karbondioksid (CO₂)

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Karbondioksid (CO₂)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere drivstoff-forbruk et og dermed redusere mengda COsom stammar frå eksosutslepp.

 

 

Utforming av krav: 

Leverandørar som tilbyr køyretøy som slepper ut mindre enn 80 g CO2/km ved blanda køyring vert gitt poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best.

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesens «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

Informasjon om kravet: 

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy er oppnådd med ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen (NEDC, New European Driving Cycle) som vert brukt består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gir utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gir verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

Vekting av kriteriet bør vurderast opp mot dei overordna miljømåla til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 80 g CO2/km som eit krav.

Difis effektmålar kan brukas til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium jamfør eit gitt referansescenario.

Krav og kriterium til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium på energieffektivitet.

Bruk Vegvesenets verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

Bruk merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» for informasjon om CO2- og NOX-utslepp, samt energiforbruk.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019