Utslepp av karbondioksid (CO₂)

Grupper: 
  • Varebil
Kategori: 
  • Karbondioksid (CO₂)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å sikre at det stillast teknisk krav til CO2-utslepp som er noko strengare enn noverande lovkrav.

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal ved blanda køyring sleppe ut maksimalt 150 g CO2/km.

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslupp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin "Nybilveljar".

Informasjon om kravet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar. Spydspisskravet må vurderast utfrå marknadsituasjonen på anskaffinga sitt tidspunkt.

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy reknast ut etter ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen som brukast, New European Driving Cycle (NEDC), består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gjev utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gjev verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.Vedlegg 1 i bilforskrifta gjev opp maksimumsnivået for tillate støy avhengig av tilhøvet mellom effekt og vekt på køyretøyet. Lovkravet er basert på EU 540/2014 "of the sound level of motor vehicles and of replacement silencing systems", Annex III.

Kravet til CO2-utslepp kan kombinerast med tildelingskriterium for energiforbruk. 

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Yting som er betre enn kravet kan du oppnå ved å bruke tildelingskriteriet "Motorstøy frå Køyretøy" - Basis, i tillegg til denne kravspesifikasjonen.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere drivstofforbruket og med det redusere mengda CO2 som stammar frå eksosutslepp.

 

 

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal ved blanda køyring sleppe ut maksimalt 125 g CO2/km. 

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

 

 

Informasjon om kravet: 

I 2017 var 98% av førstegongsregistrerte varebilar over 1900 kg. Difor vurderast alle N1-klasser under ett. Dette tyder likevel at for de tyngste varebilane vil kravet på basisnivået vere mest relevant, medan avansert nivå er meir relevant for lettare varebilar.

Utsleppsverdien i gram CO2 per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy reknast ut etter ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen som brukast, New European Driving Cycle (NEDC), består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gjev utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gjev verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

Kravet til CO2 kan kombinerast med tildelingskriterium på energiforbruk.

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Yting som er betre enn kravet kan du oppnå ved å bruke tildelingskriteriet "Motorstøy frå Køyretøy" - Avansert, i tillegg til denne kravspesifikasjonen.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere drivstofforbruket og med det redusere mengda CO2 som stammar frå eksosutslepp. Kriteriet skal også oppmuntre til innovasjon fordi køyretøy som oppfyller kravet er nullutsleppskøyretøy.

 

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal sleppe ut 0 g CO2/km.

Køyretøyet skal altså vere eit nullutsleppskøyretøy (el-, hydrogen- eller biogass).

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

CO2-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

 

Informasjon om kravet: 

Bruk av kravet føreset at innkjøpar gjer ein marknadsanalyse i forkant av anskaffinga for å sikre eit tilstrekkeleg tal tilbod. Til dømes kan dette gjerast gjennom dialog med marknaden eller innovativ anskaffingsmetodikk. Det må vere eit tilstrekkeleg tal køyretøy på marknaden som tek vare på dei tekniske krava på bilen for å sikre reell konkurranse.

Bruk av kravet føreset at køyretøya (først og fremst elbilar) oppfyller behova til brukaren. Til dømes er det viktig å vurdere behov for rekkjevidde, tilhengarfeste og firehjulstrekk. I tillegg føreset det at nødvendige fylle- og ladeinfrastruktur er tilgjengeleg.

Kravet til CO2 kan kombinerast med tildelingskriterium på energiforbruk.

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019