Utslepp av nitrogenoksider (NOx)

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Nitrogenoksider (NOx)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere mengda NOX som stammar frå eksosutslepp.

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal ved blanda køyring sleppe ut maksimalt 35 mg NOx/km.

 

Dokumentasjon av kravet: 

NOX-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

 

Informasjon om kravet: 

Utsleppsverdien i gram NOx per kilometer ved blanda køyring for lette køyretøy er oppnådd med ein spesiell testmetode i EU. Køyringssyklusen (NEDC, New European Driving Cycle) som vert brukt består av to delar, urban cycle (bykøyring) og extra urban cycle (landevegskøyring). Første del gir utsleppsverdien for bykøyring g/km og den andre gir verdien for landevegskøyring i g/km. Verdien for blanda køyring er oppnådd ved å vekte verdien for by- og landevegskøyring.

NOX-utslepp for bensinbilar en noko lågare enn for dieselbilar. Dette kravet tar utgangspunkt i utsleppsverdiar frå bensinbilar.

Bruk Vegvesenet sitt verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

Bruk merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» for informasjon om CO2- og NOX-utslepp.

Bruk av krav og kriterium

Yting som er betre enn kravet kan brukast som tildelingskriterium:

Leverandørar som tilbyr køyretøy som slepper ut mindre enn 35 mg NOx/km vert gitt poeng etter ein skala frå 0 - 10 der 10 poeng er best.

Vekting av kriteriet bør vurderast opp mot dei overordna klima- og miljømåla til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 35 g NOx/km som eit krav.

Difis effektmålar kan brukas til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium jamfør eit gitt referansescenario.

 

 

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere mengda NOX som stammar frå eksosutslepp.

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal sleppe ut 0 g NOX/km.

Køyretøyet skal altså vere eit nullutsleppkøyretøy (el-, hydrogen- eller biogassbil).

Dokumentasjon av kravet: 

NOX-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

Informasjon om kravet: 

Bruk av kravet føreset at innkjøpar gjer ein marknadsanalyse i forkant av anskaffinga for å sikre eit tilstrekkeleg tal på tilbod. Til dømes kan dette gjerast gjennom dialog med marknaden eller innovativ anskaffingsmetodikk. For å sikre reell konkurranse, må det vere mange nok køyretøy på marknaden som varetar dei tekniske krava.

Bruk av kriteriet føreset at køyretøya (først og fremst elbilar) oppfyller behova til brukaren. Til dømes er det viktig å vurdere behov for rekkevidde, tilhengarfeste og firehjulstrekk. I tillegg må nødvendig fylle- og ladeinfrastruktur vere tilgjengeleg for at kriteriet skal kunne brukast.

Bruk Vegvesenet sitt verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

Bruk merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» for informasjon om CO2- og NOX-utslepp.

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 13. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019