Utslepp av nitrogenoksider (NOx)

Grupper: 
  • Varebil
Kategori: 
  • Nitrogenoksider (NOx)

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere mengda NOX som stammar frå eksosutslepp. Kriteriet skal også oppmuntre til innovasjon då køyretøy som oppfyller kravet er nullutsleppkøyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøyet skal sleppe ut 0 g NOX/km.

Køyretøyet skal altså vere eit nullutsleppkøyretøy (el-, hydrogen-, eller biogassbil).

 

Dokumentasjon av kravet: 

NOX-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesen sin «Nybilveljar».

Informasjon om kravet: 

Bruk av kravet føreset at innkjøpar gjer ein marknadsanalyse i forkant av anskaffinga for å sikre eit tilstrekkeleg tal på tilbod. Til dømes kan dette gjerast gjennom dialog med marknaden eller innovativ anskaffingsmetodikk. For å sikre reell konkurranse, må det vere mange nok køyretøy på marknaden som varetar dei tekniske krava.

Bruk av kriteriet føreset at køyretøya (først og fremst elbilar) oppfyller behova til brukaren. Til dømes er det viktig å vurdere behov for rekkevidde, tilhengarfeste og firehjulstrekk. I tillegg føreset det at nødvendig fylle- og ladeinfrastruktur er tilgjengeleg.

Bruk Vegvesenets verktøy «Nybilveljaren» for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller kravet.

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019