Utslepp av nitrogenoksider (NOx)

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Nitrogenoksider (NOx)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å redusere mengda NOX som stammar frå eksosutslepp.

 

Utforming av krav: 

Tilbydde personbilar som slepp ut mindre enn 35 mg NOX/km ved blanda køyring får poeng etter ein skala frå 0 - 10 der 10 poeng er best.

 

Dokumentasjon av kravet: 

NOX-utslepp vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i «Nybilveljaren» til Statens vegvesen.

Innkjøpar kan eventuelt spørje etter merkeplakaten “Miljø- og energimerking av nye personbilar” per bilmodell. Alle forhandlarar er pålagde å ha ein merkeplakat som seier noko om miljø- og energieigenskapane til personbilen.

 

Informasjon om kravet: 

Vekting av kriteriet må vurderast opp mot det overordna klima- og miljømålet til verksemda. Det er viktig at innkjøpar set 35 mg NOX/km som eit krav.

Effektkalkulatoren til Difi kan brukast til å vise klima- og miljøeffekten av valt krav og kriterium samanlikna med eit gjeve referansescenario.

Bruk verktøyet frå Vegvesenet, “Nybilveljaren” for å sjå ei liste over kva bilmodellar som oppfyller krava.

Merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» rettleiar om CO2- og NOX-utslepp.

Hugs at krav og kriterier må følgjast opp. Rettleiing finn du på Difi sine heimesider under "Kontraktsoppfølging".

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 14. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019