Utslepp frå kjøretøy

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøya som skal brukast i tenesta, skal minimum tilfredsstille Euro VI standard.

Køyretøy med nullutsleppsteknologi tilfredsstiller Euro VI.

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at kravet vil innfriast.

Informasjon om kravet: 

Ved å vise til ein teknologinøytral standard, som Euro-standarden, stiller ein krav til kor mykje luftureining ein maksimum tillèt, samstundes som ein opnar for fleire løysingsalternativ.

Tunge køyretøy som er førstegongsregistrerte i Noreg etter 31. desember 2013  tilfredsstille Euro VI-standarden (sjå forordning (EF) nr. 595/2009 under «relaterte lenkjer»). Køyretøy som er registrerte før denne datoen, kan ha ein lågare Euro-standard, og det er derfor smart å utelukke desse køyretøya ved å stille krav til minimum Euro VI-køyretøy.

Euro- standarden regulerer ikkje utslepp av CO2. Til no har det ikkje vore noka standardisert måling av drivstofforbruk og CO2-utslepp frå tunge køyretøy. EU-kommisjonen har vedteke ei ny forordning som skal etablere eit felles rammeverk for typegodkjenning av CO2- utslepp og drivstofforbruk for tunge køyretøy. Statens vegvesen gjennomfører i 2018 ei offentleg høyring om dette (sjå forslag om endring av bilforskrifta §3 for å implementere ny miljøforordning, under «relaterte lenkjer»).

Det kan vere lurt å kontraktfeste at oppdragsgjevar skal kunne kontrollere vognkort på førespurnad, slik at ein har høve til å kontrollere om køyretøya som blir brukte i kontrakten, er i tråd med kva som vart tilbydd.

Biodrivstoff (biodiesel, biogass og bioetanol) som er produsert på ein berekraftig måte, gjev lågare klimagassutslepp enn fossile drivstoff. Ved å kombinere dette kravet med tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy, der ein kan premiere biodrivstoff (og andre motorteknologiar), vil anskaffinga oppnå eit avansert nivå.

Anskaffing av eldre køyretøy blir ikkje behandla i dette kriteriesettet.

Nyttig å kombinere med

  • Tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy (avansert nivå)

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøya som skal brukast i tenesta, skal tilfredsstille Euro VI standard for gassmotor for køyring med biogass.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at kravet vil innfriast.

Informasjon om kravet: 

Ved å vise til ein teknologinøytral standard, som Euro-standarden, stiller ein krav til kor mykje luftureining ein maksimum tillèt, samstundes som ein opnar for fleire løysingsalternativ. Kravet kan også stillast til enkelte av køyretøya i ein flåte.

Tunge køyretøy som er førstegongsregistrerte i Noreg etter 31. desember 2013 tilfredsstille Euro VI-standarden (sjå forordning (EF) nr. 595/2009 under «relaterte lenkjer»). Køyretøy som er registrerte før denne datoen, kan ha ein lågare Euro-standard, og det er derfor smart å utelukke desse køyretøya ved å stille krav til minimum Euro VI-køyretøy.

Euro- standarden regulerer ikkje utslepp av CO2. Til no har det ikkje vore noka standardisert måling av drivstofforbruk og CO2-utslepp frå tunge køyretøy. EU-kommisjonen har vedteke ei ny forordning som skal etablere eit felles rammeverk for typegodkjenning av CO2- utslepp og drivstofforbruk for tunge køyretøy. Statens vegvesen gjennomfører i 2018 ei offentleg høyring om dette (sjå forslag om endring av bilforskrifta §3 for å implementere ny miljøforordning, under «relaterte lenkjer»). 

Dersom oppdragsgjevar ønskjer å opne for at det kan fasast inn nye køyretøy undervegs i kontrakten (til dømes i tilfelle der det er lang leveringstid på køyretøy), skal ein setje tidsfrist for når krava til køyretøya skal vere overhaldne.

Ca. 50 % av nyregistrerte renovasjonsbilar i Noreg i 2017 (65 køyretøy) hadde gassmotor jf. statistikk frå Opplysningskontoret for vegtransport. Veksten i anskaffingar av køyretøy med gassmotor fell saman med utbygging av fleire biogassanlegg i Noreg. Likevel viser det seg vanskeleg å finne informasjon om korleis bruk av biogass versus naturgass fordeler seg på desse renovasjonsbilane.

Det kan vere lurt å kontraktfeste at oppdragsgjevar skal kunne kontrollere vognkort eller drivstoff på førespurnad, slik at ein har høve til å kontrollere om køyretøya som blir brukte i kontrakten, er i tråd med kva som vart tilbydd.

Kravet kan kombinerast med tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy, dersom ein ønskjer å ha høve til å premiere køyretøy med nullutsleppsteknologi.

Anskaffing av eldre køyretøy blir ikkje behandla i dette kriteriesettet.

Nyttig å kombinere med

  • Tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy
  • Kontraktsvilkåret Tilgang av drivstoff

 

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp frå køyretøy, og å redusere støy frå køyretøyet.

Utforming av krav: 

[X] tal / del køyretøy som skal brukast i tenesta skal ha nullutsleppsteknologi (elektrisitet/hydrogen).

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at kravet vil innfriast.

Informasjon om kravet: 

Køyretøy med nullutsleppsteknologi er den typen køyretøy som i størst grad reduserer klimagassutslepp og miljøpåverknad frå transport.

Våren 2018 var det registrert minimum tre elektriske renovasjonskøyretøy for drift i Noreg.

Dersom ein stiller krav til renovasjonsbilar med nullutsleppsteknologi, bør det setjast av tilstrekkeleg med tid før oppstart av kontrakt, slik at leverandøren rekk å få køyretøya på plass, ettersom slike køyretøy per i dag tek lengre tid å levere.

Anskaffing av eldre køyretøy blir ikkje behandla i dette kriteriesettet, men dersom oppdragsgjevar ønskjer å opne for at det kan fasast inn nye køyretøy undervegs i kontrakten (til dømes i tilfelle der det er lang leveringstid på køyretøy), kan ein opne opp for at leverandør kan bruke køyretøy med eldre Euro-standardar i mellomtida. Dette gjeld spesielt om alternativet er å måtte anskaffe nye køyretøy for ein kort fase. I så tilfelle skal oppdragsgjevar setje tidsfrist for når krava til dei nye køyretøya skal vere overhaldne.

Det kan vere lurt å kontraktfeste at oppdragsgjevar skal kunne kontrollere vognkort på førespurnad, slik at ein har høve til å kontrollere om køyretøya som blir brukte i kontrakten, er i tråd med kva som vart tilbydd.

Nyttig å kombinere med

  • Tildelingskriteriet Utslepp frå køyretøy
  • Kontraktsvilkåret Tilgang på drivstoff

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019