Utslepp fra køyretøy

Grupper: 
  • Avfall frå tjenesteytande verksemd
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Klima- og miljøprestasjonen på tilbydd køyretøy til henting av oppdragsgjevars avfall blir premiert (betre prestasjon enn minimumskravet i kravspesifikasjonen).  Poeng blir gjeve på bakgrunn av vedlagd evalueringsmatrise.

Dokumentasjon av kravet: 

Utfylling av vedlagd evalueringsmatrise.

Informasjon om kravet: 

Den vedlagde matrisa er meint som eit hjelpemiddel for at oppdragsgjevarar skal kunne premiere leverandøren sin klima- og miljøprestasjon ved avfallsinnsamling på ein måte som er klartlagt på førehand og som kan etterprøvast. Det vil samstundes kunne vere krevjande for leverandør å oppgje klima- og miljøprestasjon på køyretøya som skal hente avfall i ein konkret kontrakt, på tidspunkt for kontraktsinngåing.

Det vil gjelde spesielt i tilfelle der leverandørar har ein flåte med køyretøy med variert klima- og miljøprestasjon, og der oppdragsgjevar har store avfallsvolum som skal hentast på påkalling framfor ved faste hentingar. For at tildelingskriteriet skal reflektere ytinga som blir anskaffa, er det nettopp køyretøya som blir nytta, og ikkje heile køyretøyparken til leverandøren som skal evaluerast.

Mange leverandørar av tenestar for avfallsinnsamling for tenesteytande næring har innslag av eldre køyretøy i flåtane sine. I evalueringsmatrisa leggjes det opp til at oppdragsgjevar kan premiere Euro VI-køyretøy, som har vesentleg lågare utslepp av NOx enn køyretøy av eldre Euro-standard.

Dersom oppdragsgjevar sitt avfall i stor grad kan la seg tømme ved bruk av faste ruter framfor henting på påkalling, vil det kunne gjere det enklare for leverandør å planleggje for denne avfallsinnsamlinga, og derigjennom konkurrere på bruk av køyretøy. Gjennom marknadsundersøking og leverandørdialog kan oppdragsgjevar få innsikt i kor modent marknaden er. Desse vurderingane kan bidra til å avgjere om tildelingskriteriet skal nyttast i anskaffinga.

For å sikre at leverandøren skal kunne leggje til rette for god klima- og miljøprestasjon på flåten som blir brukt i kontrakten, må oppdragsgjevar gje tydeleg informasjon om hentepunkt, avfallsfraksjonar, historisk data på generert avfall, avfallsorganisering og andre relevante forhold som påverkar hentefrekvens, køyretøytypar som kan brukast, levering av avfallet m.m.

Euro-standarden regulerer ikkje utslepp av CO2. Til no har det ikkje vore noka standardisert måling av drivstofforbruk og CO2-utslepp frå tunge køyretøy. EU-kommisjonen har vedteke ei ny forordning som skal etablere eit felles rammeverk for typegodkjenning av CO2- utslepp og drivstofforbruk for tunge køyretøy. Statens vegvesen gjennomfører i 2018 ei offentleg høyring om dette (forslag om endring av bilforskrifta §3 for å implementere ny miljøforordning).

Nyttig å kombinere med

  • Luftureining frå køyretøy (kravspesifikasjon)
  • Klima- og miljørapportering (kontraktsvilkår)

 

 

 

 

 

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Klima- og miljørapportering

Relatert kriterium

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019