Utslepp frå køyretøy

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp frå køyretøy.

Utforming av tildelingskriterium: 

Miljøprestasjonen på tilbydd flåte blir premiert (betre prestasjon enn minimumskravet i kravspesifikasjonen). Poeng blir gjeve på bakgrunn av vedlagd evalueringsmatrise.

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

Kriteriet skal dokumenterast ved utfylling av vedlagd evalueringsmatrise.

Informasjon om tildelingskriteriet: 

For meir informasjon om bruk av evalueringsmatrisa, se tekstfelt matrisa. Lenkja til matrisen ligg under "Dokumentasjon av kravet".

Anskaffing av eldre køyretøy blir ikkje behandla i dette kriteriesettet, men dersom oppdragsgjevar ønskjer å opne for at det kan fasast inn nye køyretøy undervegs i kontrakten (til dømes i tilfelle der det er lang leveringstid på køyretøy), kan ein opne opp for at leverandør kan bruke køyretøy med eldre Euro-standardar i mellomtida. Dette gjeld spesielt om alternativet er å måtte anskaffe nye køyretøy for ein kort fase. I så tilfelle skal oppdragsgjevar setje tidsfrist for når krava til dei nye køyretøya skal vere overhaldne.

Det kan vere lurt å kontraktfeste at oppdragsgjevar skal kunne kontrollere vognkort på førespurnad, slik at ein har høve til å kontrollere om køyretøya som blir brukte i kontrakten, er i tråd med kva som vart tilbydd.

Nyttig å kombinere med

  • Kravspesifikasjon Utslepp fra køyretøy
  • Kontraktsvilkåret Tilgang på drivstoff
  • Kontraktsvilkåret Klima- og miljørapportering

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 27. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019