Utsleppsreduksjon frå anleggsmaskiner, køyretøy og utstyr 

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Utslepp frå byggjeplass

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Bruk og drift av maskiner og køyretøy på anleggsplassar bidreg til store klimagassutslepp. Gravemaskiner, hjullastarar og dumparar kan stå for omtrent 80 prosent av CO2-utsleppa frå maskinparken på anleggsplass. I Trondheim står tunge køyretøy og anleggsmaskiner for høvesvis 10 % og 13 % av utsleppa i kommunen.

Ved å stille krav til maskiner og utstyr på anleggsplass, kan vi bidra til reduksjonar i utslepp av klimagassar. Også for lokalklima og arbeidsmiljøet er dette gode tiltak, sidan det bidreg til reduserte utslepp av NOx, partiklar og mindre støy.

Utforming av krav: 

Maskiner og utstyr på anleggsplassen skal vere fossilfrie. Dette kravet gjeld ikkje maskiner og utstyr som berre skal brukast sporadisk på anlegget.

Anleggsmaskiner som skal nyttast til oppdraget, skal minimum tilfredsstille EU Steg IIIb-standarden sine krav til utslepp.

Oppvarming og tørk, inkludert tining/frostsikring av grunn, herding av betong i bruer og tunnelar, osv. skal gjerast fossilfritt.

Biodrivstoff skal vere avansert i høve til produktforskrifta kapittel 3 vedlegg V, eller ikkje vere laga av råstoff som har høg risiko for indirekte arealbruksendringar (ILUC) i tråd med krava i EU-forordninga (EU) 2019/807.

Dokumentasjon av kravet: 

Oversikt over delen anleggsmaskiner og utstyr med fossilfritt drivstoff som vil nyttast ved utføring av oppdraget.

Oversikta skal innehalde:

  • type anleggsmaskin
  • maskinprodusent
  • drivstofftype
  • estimat av forbruk av drivstoff eller timebruk av maskiner/køyretøy

Leverandøren skal leggje ved ei skildring av korleis oppvarming og tørk skal gjerast fossilfri.

Skildring av tiltak for å minimere tomgangskøyring.

Informasjon om kravet: 

Det er geografiske skilnader på tilgang av biodrivstoff, fossilfrie og utsleppsfrie løysingar. Vi tilrår derfor at du har ein marknadsdialog for å undersøkje kva leverandørane kan levere.

Dersom du opplever at marknaden ikkje er moden nok til å oppfylle krava eller ønskjer å stimulere til utvikling, kan du vurdere å stille tilsvarande krav som kontraktsvilkår. Då har leverandørane tid på seg til å skaffe fossilfrie/ utsleppsfrie maskiner og utstyr til utføringa av oppdraget. Ved innlevering av tilbod kan du be leverandøren svare på om ulike fossilfrie eller utsleppsfrie maskiner/køyretøy er på plass ved kontraktsinngåing eller ikkje, og setje ein frist for når desse skal vere på plass (t.d. <X> månader etter kontraktsinngåing). Det bør dokumenterast at entreprenøren eig eller har tilgang til å lease nødvendige maskiner i den perioden arbeidet skal gå føre seg. Dersom entreprenøren har planlagt å bruke nokon maskiner som dei ikkje har frå før eller tenkjer å lease, må dei kunne levere ei bestillingsstadfesting på maskinene. Drivstofforbruk eller arbeidstimane for maskina kan rapporterast i månadsrapportar. Dersom tilbodne maskiner ikkje blir brukte, skal du krevje retting eller bruke sanksjonar slik dei er regulerte i kontrakten. Dersom leverandøren ikkje leverer i samsvar med tilbod, kan oppdragsgjevar krevje ei forholdsmessig dagmulkt for den tida misleghaldet går føre seg. Denne må vurderast i det konkrete prosjektet, men kan eksempelvis vere: Dagmulktsatsen pr. kvardag for brot på miljøregelverk utgjer inntil [XX] ‰ av kontraktssummen, men ikkje mindre enn kr 1 000 eks mva.

Du kan be om månadleg rapportering når det gjeld bruk av drivstoff, tilgjengelege maskiner/ køyretøy. Knuseverk, småelektrisk (lys, lyskastarar, bolteutstyr, blandeverktøy til betong, utstyr til å komprimere jord), oppvarming og kraner kan drivast elektrisk i dag og bør vere krav i kontraktar der dette er mogleg geografisk.

Fossilfrie løysingar kan til dømes vere:

1. biodrivstoff

2. straum

3. fjernvarme

4. bioenergi, hydrogen eller anna.

For meir informasjon om biodrivstoff sjå rettleiar i innkjøp av biodrivstoff med låg risiko for avskoging og ILUC.

Ifølgje Maskingrossistenes forening kan dei aller fleste anleggsmaskiner (lastebilar, dumparar, gravemaskiner, hjullastarar) køyrast på HVO så sant de oppfyller standarden EN 15940.

Maskiner og utstyr som er sporadisk i bruk, kan vere: vegvals, hjullastarar som går som servicemaskin, limsprøyte, veghøvel og bulldosarar. Dette er maskiner og utstyr som blir brukte i liten grad eller i eit kortare tidsrom i anleggsprosjektet.

Figur om rangering av drivstoff på bakgrunn av en vurdering av klimafotavtrykk

Figur 1: Rangering av drivstoff vurdert etter klimafotavtrykk. Klimafotavtrykket frå transport vil inkludere klimagassutslepp både frå produksjon av drivstoff og køyretøy (inkludert utvinning og foredling av råstoff), og forbrenning av drivstoffet.

Østfold kommune har laga ei oversikt over ulike typar fossilfrie og utsleppsfrie maskiner.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Bruk og drift av maskiner og køyretøy på anleggsplassar bidreg til store klimagassutslepp. Gravemaskiner, hjullastarar og dumparar kan stå for omtrent 80 prosent av CO2-utsleppa frå maskinparken på anleggsplass. I Trondheim står tunge køyretøy og anleggsmaskiner for høvesvis 10 % og 13 % av utsleppa i kommunen.

Ved å stille krav til maskiner og utstyr på anleggsplass, kan vi bidra til reduksjonar i utslepp av klimagassar. Også for lokalklima og arbeidsmiljøet er dette gode tiltak, sidan det bidreg til reduserte utslepp av NOx, partiklar og mindre støy.

Utforming av krav: 

<spesifiser kva for nokre maskiner og utstyr som skal ha utsleppsfri teknologi – basert på innspel frå marknadsdialogen din > skal vere utsleppsfrie. Maskiner og utstyr som ikkje kan vere utsleppsfrie, skal vere fossilfrie.

For anleggsmaskiner som skal nyttast til oppdraget, er minstekravet EU Steg IV standarden for krav til utslepp.

Køyretøy som skal nyttast på anleggsplass, skal minst vere euroklasse 6/VI og nytte fossilfritt drivstoff.

Oppvarming og tørk, inkludert tining/frostsikring av grunn, herding av betong i bruer og tunnelar, osv. skal gjerast fossilfritt.

Biodrivstoff skal vere avansert i høve til produktforskrifta kapittel 3 vedlegg V, eller ikkje vere laga av råstoff som har høg risiko for indirekte arealbruksendringar (ILUC) i tråd med krava i EU-forordninga (EU) 2019/807.

Tomgangskøyring på anleggsplass skal minimerast.

Dokumentasjon av kravet: 

Oversikt over delen køyretøy/anleggsmaskiner og utstyr med fossilfritt drivstoff eller nullutslepp som vil nyttast ved utføring av oppdraget. Oversikta skal innehalde:

  • type anleggsmaskin/køyretøy
  • maskinprodusent
  • drivstofftype
  • estimat av forbruk av drivstoff og timebruk av maskiner/køyretøy

Leverandøren skal leggje ved ei skildring av korleis oppvarming og tørk skal gjerast fossilfri.

Skildring av tiltak for å minimere tomgangskøyring.

Informasjon om kravet: 

Det er geografiske skilnader på tilgang av biodrivstoff, fossilfrie og utsleppsfrie løysingar. Vi tilrår derfor at du har ein marknadsdialog for å undersøkje kva leverandørane kan levere.

Dersom du opplever at marknaden ikkje er moden nok til å oppfylle krava eller ønskjer å stimulere til utvikling, kan du vurdere å stille tilsvarande krav som kontraktsvilkår. Då har leverandørane tid på seg til å skaffe fossilfrie/ utsleppsfrie maskiner og utstyr til utføringa av oppdraget. Ved innlevering av tilbod kan du be leverandøren svare på om ulike fossilfrie eller utsleppsfrie maskiner/køyretøy er på plass ved kontraktsinngåing eller ikkje, og setje ein frist for når desse skal vere på plass (t.d. <X> månader etter kontraktsinngåing). Det bør dokumenterast at entreprenøren eig eller har tilgang til å lease nødvendige maskiner i den perioden arbeidet skal gå føre seg. Dersom entreprenøren har planlagt å bruke nokon maskiner som dei ikkje har frå før eller tenkjer å lease, må dei kunne levere ei bestillingsstadfesting på maskinene. Drivstofforbruk eller arbeidstimane for maskina kan rapporterast i månadsrapportar. Dersom tilbodne maskiner ikkje blir brukte, skal du krevje retting eller bruke sanksjonar slik dei er regulerte i kontrakten. Dersom leverandøren ikkje leverer i samsvar med tilbod, kan oppdragsgjevar krevje ei forholdsmessig dagmulkt for den tida misleghaldet går føre seg. Denne må vurderast i det konkrete prosjektet, men kan eksempelvis vere: Dagmulktsatsen pr. kvardag for brot på miljøregelverk utgjer inntil [XX] ‰ av kontraktssummen, men ikkje mindre enn kr 1 000 eks mva.

Du kan be om månadleg rapportering når det gjeld bruk av drivstoff, tilgjengelege maskiner/ køyretøy. Knuseverk, småelektrisk (lys, lyskastarar, bolteutstyr, blandeverktøy til betong, utstyr til å komprimere jord), oppvarming og kraner kan drivast elektrisk i dag og bør vere krav i kontraktar der dette er mogleg geografisk.

Fossilfrie løysingar kan til dømes vere:

1. biodrivstoff

2. straum

3. fjernvarme

4. bioenergi, hydrogen eller anna.

For meir informasjon om biodrivstoff sjå rettleiar i innkjøp av biodrivstoff med låg risiko for avskoging og ILUC.

Ifølgje Maskingrossistenes forening kan dei aller fleste anleggsmaskiner (lastebilar, dumparar, gravemaskiner, hjullastarar) køyrast på HVO så sant de oppfyller standarden EN 15940.

Maskiner og utstyr som er sporadisk i bruk, kan vere: vegvals, hjullastarar som går som servicemaskin, limsprøyte, veghøvel og bulldosarar. Dette er maskiner og utstyr som blir brukte i liten grad eller i eit kortare tidsrom i anleggsprosjektet.

Figur om rangering av drivstoff på bakgrunn av en vurdering av klimafotavtrykk

Figur 1: Rangering av drivstoff vurdert etter klimafotavtrykk. Klimafotavtrykket frå transport vil inkludere klimagassutslepp både frå produksjon av drivstoff og køyretøy (inkludert utvinning og foredling av råstoff), og forbrenning av drivstoffet.

Østfold kommune har laga ei oversikt over ulike typar fossilfrie og utsleppsfrie maskiner.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Bruk og drift av maskiner og køyretøy på anleggsplassar bidreg til store klimagassutslepp. Gravemaskiner, hjullastarar og dumparar kan stå for omtrent 80 prosent av CO2-utsleppa frå maskinparken på anleggsplass. I Trondheim står tunge køyretøy og anleggsmaskiner for høvesvis 10 % og 13 % av utsleppa i kommunen.

Ved å stille krav til maskiner og utstyr på anleggsplass, kan vi bidra til reduksjonar i utslepp av klimagassar. Også for lokalklima og arbeidsmiljøet er dette gode tiltak, sidan det bidreg til reduserte utslepp av NOx, partiklar og mindre støy.

Utforming av krav: 

Alle maskiner, køyretøy, verktøy og teknisk utstyr som <spesifiser kva for nokre som skal ha utsleppsfri teknologi – basert på innspel frå marknadsdialogen din > skal vere utsleppsfrie. Resten av maskinparken og køyretøy skal vere fossilfri.

Køyretøy og maskiner på anleggsplass skal ha start-stopp-system for å minimere tomgangskøyring og skal minst vere euroklasse 6 eller steg IV.

Oppvarming og tørk, inkludert tining/frostsikring av grunn, herding av betong i bruer og tunnelar, osv. skal gjerast fossilfritt.

Biodrivstoff skal vere avansert i høve til produktforskrifta kapittel 3 vedlegg V, eller ikkje vere laga av råstoff som har høg risiko for indirekte arealbruksendringar (ILUC) i tråd med krava i EU-forordninga (EU) 2019/807.

Dokumentasjon av kravet: 

Oversikt over delen køyretøy/anleggsmaskiner med fossilfritt drivstoff eller nullutslepp som vil nyttast ved utføring av oppdraget. Oversikta skal innehalde:

  • type anleggsmaskin/køyretøy
  • maskinprodusent
  • drivstofftype
  • estimat av forbruk av drivstoff og timebruk av maskiner/køyretøy
  • start-stopp system

Leverandøren skal leggje ved ei skildring av korleis oppvarming og tørk skal gjerast anten fossilfritt eller utsleppsfritt.

Informasjon om kravet: 

Det er geografiske skilnader på tilgang av biodrivstoff, fossilfrie og utsleppsfrie løysingar. Vi tilrår derfor at du har ein marknadsdialog for å undersøkje kva leverandørane kan levere.

Dersom du opplever at marknaden ikkje er moden nok til å oppfylle krava eller ønskjer å stimulere til utvikling, kan du vurdere å stille tilsvarande krav som kontraktsvilkår. Då har leverandørane tid på seg til å skaffe fossilfrie/ utsleppsfrie maskiner og utstyr til utføringa av oppdraget. Ved innlevering av tilbod kan du be leverandøren svare på om ulike fossilfrie eller utsleppsfrie maskiner/køyretøy er på plass ved kontraktsinngåing eller ikkje, og setje ein frist for når desse skal vere på plass (t.d. <X> månader etter kontraktsinngåing). Det bør dokumenterast at entreprenøren eig eller har tilgang til å lease nødvendige maskiner i den perioden arbeidet skal gå føre seg. Dersom entreprenøren har planlagt å bruke nokon maskiner som dei ikkje har frå før eller tenkjer å lease, må dei kunne levere ei bestillingsstadfesting på maskinene. Drivstofforbruk eller arbeidstimane for maskina kan rapporterast i månadsrapportar. Dersom tilbodne maskiner ikkje blir brukte, skal du krevje retting eller bruke sanksjonar slik dei er regulerte i kontrakten. Dersom leverandøren ikkje leverer i samsvar med tilbod, kan oppdragsgjevar krevje ei forholdsmessig dagmulkt for den tida misleghaldet går føre seg. Denne må vurderast i det konkrete prosjektet, men kan eksempelvis vere: Dagmulktsatsen pr. kvardag for brot på miljøregelverk utgjer inntil [XX] ‰ av kontraktssummen, men ikkje mindre enn kr 1 000 eks mva.

Du kan be om månadleg rapportering når det gjeld bruk av drivstoff, tilgjengelege maskiner/ køyretøy. Knuseverk, småelektrisk (lys, lyskastarar, bolteutstyr, blandeverktøy til betong, utstyr til å komprimere jord), oppvarming og kraner kan drivast elektrisk i dag og bør vere krav i kontraktar der dette er mogleg geografisk.

Fossilfrie løysingar kan til dømes vere:

1. biodrivstoff

2. straum

3. fjernvarme

4. bioenergi, hydrogen eller anna.

For meir informasjon om biodrivstoff sjå rettleiar i innkjøp av biodrivstoff med låg risiko for avskoging og ILUC.

Ifølgje Maskingrossistenes forening kan dei aller fleste anleggsmaskiner (lastebilar, dumparar, gravemaskiner, hjullastarar) køyrast på HVO så sant de oppfyller standarden EN 15940.

Maskiner og utstyr som er sporadisk i bruk, kan vere: vegvals, hjullastarar som går som servicemaskin, limsprøyte, veghøvel og bulldosarar. Dette er maskiner og utstyr som blir brukte i liten grad eller i eit kortare tidsrom i anleggsprosjektet.

Figur om rangering av drivstoff på bakgrunn av en vurdering av klimafotavtrykk

Figur 1: Rangering av drivstoff vurdert etter klimafotavtrykk. Klimafotavtrykket frå transport vil inkludere klimagassutslepp både frå produksjon av drivstoff og køyretøy (inkludert utvinning og foredling av råstoff), og forbrenning av drivstoffet.

Østfold kommune har laga ei oversikt over ulike typar fossilfrie og utsleppsfrie maskiner.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 16. des 2020