Utsleppsreduksjon frå fartøy og maskiner til sjøs

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Utslepp frå byggjeplass

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Anleggsverksemd knytt til utbetring av farleier og vedlikehald av installasjonar til sjøs bidreg til utslepp av klimagassar, svovel og NOx.

Ved å stille krav til anleggsmaskiner og fartøy til og frå, og på anleggsområdet, kan vi bidra til å redusere utslepp av NOx,-partiklar.

Utforming av krav: 

Marin diesel som blir brukt i maskiner og fartøy til sjøs, skal erstattast med anleggsdiesel/autodiesel (ADO).

Dokumentasjon av kravet: 

Månadleg rapportering over forbruk av drivstoff. Leverandør skal, på førespurnad frå oppdragsgjevar, kunne leggje fram kvitteringar for innkjøp av drivstoff i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

Marin gassolje (MGO) har eit svovelinnhald på inntil 1000 ppm, mot anleggsdiesel som har maks 10ppm svovelinnhald. Anleggsdiesel er dyrare enn MGO, men byte av drivstoff vil ha stor effekt på luftureining.

Marknaden for anleggsarbeid i sjø er avgrensa. Dersom du ønskjer fossilfrie maskiner, tilrår vi at du har ein marknadsdialog for å undersøkje om leverandørane kan levere dette. Det er få sjøentreprenørar og i hovudsak utstyr med eldre motorteknologi. Dersom marknaden ikkje er moden nok til å levere fossilfritt, kan du vurdere å stille desse krava som kontraktsvilkår. Då har leverandørane tid på seg til å skaffe fossilfrie maskiner og fartøy til utføringa av oppdraget. Ved innlevering av tilbod kan du be leverandøren svare på om ulike fossilfrie fartøy og utstyr er på plass ved kontraktsinngåing eller ikkje, og setje ein frist for når desse skal vere på plass (t.d. <X> månader etter kontraktsinngåing). 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020