Utslipp fra kjøretøy

Grupper: 
  • Køyretøy
Kategori: 
  • Motorteknologi og drivstoff

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøy skal tilfredsstille Euro VI standard.

Euro-krav regulerer utslepp av primært NOx og partiklar, og køyretøy med nullutsleppsteknologi tilfredsstiller med andre ord også Euro-kravet.

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at køyretøy tilfredsstiller Euro VI standard.

Informasjon om kravet: 

Ved å vise til ein teknologinøytral standard, som Euro-standarden, stiller ein krav til kor mykje luftureining ein maksimum tillèt, samstundes som ein opnar for fleire løysingsalternativ.

Tunge køyretøy som er førstegongsregistrerte i Noreg etter 31. desember 2013 tilfredsstille Euro VI-standarden. Ved kjøp av nye køyretøy vil dette kravet derfor vere overflødig. Dersom du skal anskaffe brukte køyretøy, kan det vere smart å understreke at køyretøya minimum skal tilfredsstille Euro VI.

Euro- standarden regulerer ikkje utslepp av CO2. Til no har det ikkje vore noka standardisert måling av drivstofforbruk og CO2-utslepp frå tunge køyretøy. EU-kommisjonen har vedteke ei ny forordning som skal etablere eit felles rammeverk for typegodkjenning av CO2- utslepp og drivstofforbruk for tunge køyretøy. Statens vegvesen gjennomfører ei offentleg høyring om dette (forslag om endring av bilforskrifta §3 for å implementere ny miljøforordning) i 2018.

Biodrivstoff (biodiesel, biogass og bioetanol) som er produsert på ein berekraftig måte, gjev lågare klimagassutslepp enn fossile drivstoff. Oppdragsgjevarar bør derfor vurdere å bruke slike drivstoffkjelder på køyretøya dei anskaffar, for å redusere utsleppa frå avfallsinnsamlinga. Ved å anskaffe eit køyretøy med gassmotor, legg du til rette for køyring med biogass, medan du ved å anskaffe ein dieselmotor, gjer det mogleg å køyre med andre biodrivstoff.

Blad
 
 
 Køyretøy som skal nytte biodrivstoff (biodiesel, biogass og bioetanol) eller nullutsleppsteknologi kan utløyse rabatterte grøne lån, til dømes i Kommunalbanken. 

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å redusere luftureining og klimagassutslepp, og støy frå køyretøy.

Utforming av krav: 

Køyretøy skal ha nullutsleppsteknologi (Elektrisitet/Hydrogen).

Dokumentasjon av kravet: 

Eigenerklæring som stadfester at køyretøy har nullutsleppsteknologi.

Informasjon om kravet: 

Køyretøy med nullutsleppsteknologi bidreg i størst grad til redusert klimagassutslepp og luftureining frå transport.

Dersom ein stiller krav til nullutsleppsteknologi, bør det gjevast tilstrekkeleg tid til å få køyretøya på plass før oppstart av kontrakt, ettersom slike bilar per i dag tek lengre tid å levere.

Våren 2018 er det registrert minimum tre elektriske renovasjonskøyretøy for drift i Noreg.

Elektriske køyretøy er stillegåande, og reduserer dermed også støy frå transporten.

Blad
 
 
 Køyretøy som skal nytte biodrivstoff (biodiesel, biogass og bioetanol) eller nullutsleppsteknologi kan utløyse rabatterte grøne lån, til dømes i Kommunalbanken.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019