Vidareformidling av eksisterande møbelbehaldning til ombruk og sikring av optimal materialgjenvinning

Grupper: 
  • Nye møbler
  • Ombruks- og gjenvinningstjenester
Kategori: 
  • Fremme lang levetid
  • Fremme lukkede kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Ombruk og oppussing av møblar har, i tråd med avfallshierarkiet, ein større miljøvinst enn materialgjenvinning. Kravet skal bidra til å fremje lengre levetid for produkta og med det ein meir sirkulær økonomi. Når anskaffing av nye møblar erstattar forelda/gamle møblar, kan du spørje etter at leveringsbilar brukast både til å levere dei nye møblane og samle inn/hente dei gamle møblane i ei enkel tur-retur-ordning og såleis sikre ein meir ressurseffektiv logistikk.

Utforming av krav: 

Tilbydar (eller underleverandør for denne) skal i kontraktperioden arbeide for å kunne tilby ei ombruks- og gjenvinningsteneste for oppdragsgjevar sine eksisterande møblar som ikkje lenger tilfredsstillar behovet. Tenesta skal minimum omfatte følgjande:

1.  Ombruk av møblar: Dei brukte møblane til oppdragsgjevar skal i størst mogleg grad vidareformidlast (seljast) som brukte møblar, og om det er nødvendig skal dei oppgraderast før dei blir selde vidare. 

2. Gjenvinning: Brukte møblar som ikkje kan setjast i stand til ombruk, skal materialgjenvinnast i høgast mogleg grad.

3. Avgrense transport: Leverandøren (eller underleverandør for denne) skal ha som mål at brukte møblar blir henta i samanheng med utlevering av nye møblar der det lar seg gjere, for å avgrensa miljøpåkjenninga frå transport.

4. Tilbydar skal rapportere [kvart halvår] på arbeidet med å tilby ei slik ombruks- og gjenvinningsteneste. [set ein frist/dato som fell saman med anna rapportering/kontraktoppfølgingsmøte]

Dokumentasjon av kravet: 

Om du skal bruke ein underleverandør, skal det leggjast ved ei ansvarserklæring frå underleverandør når eit slikt samarbeid er inngått, i samsvar med forskrift om offentlege anskaffingar §16-10 (2).

Informasjon om kravet: 

Kravet/kontraktvilkåret er tilpassa bruk i rammeavtalar. Eit slikt krav/kontraktvilkår kan i mange tilfelle krevje at leverandøren knyter seg til ein underleverandør for å ta hand om vidareformidling til ombruk, og til gjenvinning.

Du som innkjøpar bør sjekke om det er ein marknad som kan levere desse tenestene i området ditt. Om marknaden er moden og det er tilstrekkeleg tal på leverandørar som kan levere, kan dette stillast som eit krav. Om marknaden på noverande tidspunkt ikkje kan levere desse tenestene, kan det stillast som eit kontraktvilkår slik at leverandøren som vinn tilbodet pliktar å arbeide for å kunne tilby dette, og med det bidreg til å modne marknaden for ombruks- og gjenvinningstenester for møblar.

Kravet/kontraktvilkåret kan også brukast i anskaffing av flyttetenester, og ved behov for å vidareformidle/avhende større mengder møblar om dei ikkje lenger er eigna til å dekkje behovet til oppdragsgjevar.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Ombruk og oppussing av møblar har, i tråd med avfallshierarkiet, ein større miljøvinst enn materialgjenvinning. Kravet skal bidra til å fremje lengre levetid for produkta og med det ein meir sirkulær økonomi. Når anskaffing av nye møblar erstattar forelda/gamle møblar, kan du spørje etter at leveringsbilar brukast både til å levere dei nye møblane og samle inn/hente dei gamle møblane i ei enkel tur-retur-ordning og såleis sikre ein meir ressurseffektiv logistikk.

Utforming av krav: 

Tilbydar (eller underleverandør for denne) skal tilby ei ombruks- og gjenvinningsteneste for dei eksisterande møblane til oppdragsgjevar som minimum omfattar følgjande:

1.  Ombruk av møblar: Dei brukte møblane til oppdragsgjevar skal i størst mogleg grad vidareformidlast (seljast) som brukte møblar, og om det er nødvendig skal dei oppgraderast før dei blir selde vidare. 

2. Gjenvinning: Brukte møblar som ikkje kan setjast i stand til ombruk, skal materialgjenvinnast i høgast mogleg grad.

3. Avgrense transport: Leverandøren (eller underleverandør for denne) skal ha som mål at brukte møblar blir henta i samanheng med utlevering av nye møblar der det lar seg gjere, for å avgrensa miljøpåkjenninga frå transport.

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbydar skal gje ei skildring av deira ordning for innsamling av møblar, samt kva slags nedstraums verdikjeder for ombruk og gjenvinning som blir tatt i bruk. Dette skal altså omfatte detaljar om alle involverte partar som syter for ombruk og gjenvinnning av møbelbehaldninga.

Om du skal bruke ein underleverandør, skal det leggjast ved ei ansvarserklæring frå denne, i samsvar med forskrift om offentlege anskaffingar §16-10 (2).

Informasjon om kravet: 

Kravet/kontraktvilkåret er tilpassa bruk i rammeavtalar. Eit slikt krav/kontraktvilkår kan i mange tilfelle krevje at leverandøren knyter seg til ein underleverandør for å ta hand om vidareformidling til ombruk, og til gjenvinning.

Du som innkjøpar bør sjekke om det er ein marknad som kan levere desse tenestene i området ditt. Om marknaden er moden og det er tilstrekkeleg tal på leverandørar som kan levere, kan dette stillast som eit krav. Om marknaden på noverande tidspunkt ikkje kan levere desse tenestene, kan det stillast som eit kontraktvilkår slik at leverandøren som vinn tilbodet pliktar å arbeide for å kunne tilby dette, og med det bidreg til å modne marknaden for ombruks- og gjenvinningstenester for møblar.

Kravet/kontraktvilkåret kan også brukast i anskaffing av flyttetenester, og ved behov for å vidareformidle/avhende større mengder møblar om dei ikkje lenger er eigna til å dekkje behovet til oppdragsgjevar.

Publisert: 29. nov 2020, Sist endra: 09. feb 2021